Lårdal skule

Bilde av akvarium

User imageDette er skuleprosjektet vårt!
Målet er å la elevane få innblikk i denne flotte hobbyen(halde abstinensane mine i sjakk), og nytte det i undervisinga. Her er det masse å ta av i alle fag, alt frå kjemi, biologi, til matematikk og norsk; ei sareptas krukke for oss på bruket! :) Ikkje minst er det eit blikkfang og spaningsmoment for elevane.

Elevane på mellomsteget har vore med og planlagt og innreidd. Det er eit enkelt oppsett som elevane sjølve skal vedlikehalde med vatnbyte, mating, pumperens, måling mm. Maten lagar me i størst mogeleg grad sjølve. Målet til våren er å reise på utflukt og forsyne oss med larver og anna snadder frå dei talrike tjørna me har i nærmiljøet.

Karet vart sett opp og innreidd i november. Fiskane kom i tidleg i Januar; eit par ljose, elfenbeinciklider. I tillegg fylgte det med 5 purunge sebrafarga sebraciklider.

160 liter er overhovudet ikkje nok for så mange, noko eg var klar over, men det er for å få demonstrert revirhevding i større grad enn ved berre å ha eit par.

04.02.13
No har paret laga reir og egga klekte ei gong i løpet av helga veke 5. No er terrorregimet i full sving medan yngelpleia står på. Dei stakkars 5 unge eksemplara får ikkje vera i fred nokon stad, som venta. Elevane har fått sett foreldra på sitt beste/verste, så no skal dei små få søkje asyl i eit av kara mine heime.
Teknisk informasjon
Status: Slik er det nå
Substrat: Sand
Lys: 2xT8
Filtrering: Innvendig Eheim
Bakgrunn: Sjølvlaga av søppelsekk
Vannverdier: pH: -   GH: -   KH: -
Temperatur: -
Registrert: 04.02.2013 Sist endret: 04.02.2013
Mine andre akvarier
  Kommentarer
Ingen kommentarer.

Fisk, dyr og planter i akvariet
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap