Home
Du er her: Forside > Akvarium > Internasjonalen >
Alle akvarier Akvarietyper Akvariefisk Topp100 Månedens akvarium
Registrer ditt akvarium!
Legg til som favorittakvarium
 
Tilfeldig bekjentskap
© Norman Behr © Bjarne Sætrang © Håvard Støre Andresen
Tilfeldig akvarium
Månedens akvarium
Akvaforum p� Facebook

Internasjonalen


Et 152 liters Selskapsakvarium som er eid av Jemama

Dette akvariet er med på 0 favorittlister!


Beskrivelse
19.02.2013.
I dag selger vi akvariet. Skal ein ha ansvar for liv, må det prioriterast, og no er det andre fritidsaktitivteter som har fokus for heile familien. Men vi er sikker på at akvariet og dei fleste innbyggjarane der får det veldig fint i sitt nye hus. Skal bli et styr å flytte det, då. Med vatn og alt..

Dei siste to åra har nesten alle plantane døydd - det er berre anubiasen og bacopaen som lever. Men dei lever VELDIG. Har selt ein svær anubias - og no er akvariet nesten fullt igjen. 

Innbyggjarane som no skal flytte ut frå oss, er: 
Scalareenkemannen
 - han skal ikkje følgje akvariet, den nye eigaren har ikkje lyst på scalare. Så han skal få bu hos naboen, som har eit 190 literskar med nokre små scalarer frå før. Det blir spennande for han!
- 1 Pristillatetra. Den siste av flokken på 10 vi kjøpte i mars 2008. Ser ut som den er i god form!
- 5 "Makrellar" (SAE). Som skal få suse rundt på ny bopæl og ete algar:-)
- Ancistrusmann og -kone. Og kor mange kull dei (han) har fostra har vi ikkje tal på. Men no er dei separert, ser det ut til. Dei bur under kvar si rot og vil helst ikkje ha noko med kvarandre å gjere. Han gidd ikkje lage ny hule heller.
- 1 Perlegurami. Blei overtalt til å kjøpe to slike for 8 månader sidan - angrar litt på det, har ikkje heilt fått sansen for dei. Ein døde for eit par veker sidan.


20.02.11:
Straks tre år sidan akvariet vart innflytta. Og ingen store endringar å melde om. Dei som bur der er:
- Scalareenkemannen - etter at fru Scalare forspiste seg og døydde i fjor sommar har han fått eit rolegare liv. Og kjedeligare? Han står for det meste i eit hjørne og ser ut mot kjøkenet... Kanskje han skulle fått seg ein ny familie?
- Damene til Aladdin. Aladdin fekk nye damer i 2009, men døydde sjølv i går... Det mangla to veker på at vi hadde han i tre år, så han vart ein aldrande sverddragarmann. RIP Aladdin.
- 8 Pristillatetra. Vi var på dyrebutikken på Askøy senter måndag og såg Pristillatetra. Det slår oss at våre er kjempestore. Og ikkje tynne. Dei har det sikkert godt.
- 5 "Makrellar" (SAE). Som susar rundt. Den eine hadde ein soppinfeksjon i haust, men den gjekk over av seg sjølv. Dei er STORE no!
- Ancistrusmann og -kone. Og kor mange kull dei (han) har fostra har vi ikkje tal på. Han måtte grave seg ei ny hule etter at vi ommøblerte i akvariet i haust, men har akseptert det nye og har alt hatt eit kull i den nye hula og.. Tre små har vi faktisk klart å berge! Dei bur i Jenny sitt akvarium no.

Oppsummert så verkar det som om alle trivst og har det bra. Av og til når vi er innom dyrebutikkar kjem spørsmålet om nye fiskar - vi rekna jo med at vi jamleg måtte skaffe nye fiskar når vi starta prosjektet. For tre år sidan...

 28.01.10:
Snart to år sidan akvariet kom i hus. Det bur no:
- eit scalarepar som flørtar aggressivt og kontinuerleg, men dei har ikkje lagt egg sidan i sommar
- tre sverddragarar (Aladdin måtte få to nye damer i fjor sommar, men sjølv er han som Abraham: Full av futt og ikkje synleg alderssvekka..) Damene får barn igjen og igjen, men sjølv om vi har fått masse plantevekst, har vi ikkje sett nokon vekse opp.
- 8 pristellatetra (ein måtte vi avlive i haust, den var ikkje frisk)
- fem SAE, populært kalla "makrellane" - dei er i overkant av 7 cm no...
- eit ancistruspar. Gubben har gravd hi under ein stein og har i alle fall fostra fram fem kull med små, men idet dei vert store nok til å kome fram unna steinen vert dei forveksla med levandefor...
MEN: I det store og heile er vi godt nøgde med at så mange ser ut til å rekke to-årsdagen sin - og det er sjelebot med akvarium i stova i staden for TV..

29.06.09: Måtte bytte vatn fordi vi skal reise på ferie - og SVUPP så var eit blad fullt av wigglers spist opp av far...

27.06.09: Scalarane har etter fleire dagars heftig slossing lagt eit blad FULLT av egg i dag. Kjempespennande!

19.06.09: i dag var den eine av ho-sverrdragarane død. Ingen sjukdomsteikn på førehand. Vi drog på nattåpent på Sartor og kjøpte to nye hoer, den eine stinn av små..

10.03.09: Lenge sidan vi har skrive noko, men i vår lille internasjonale verd er alt ved det gamle. Byter 1/4-1/3 vatn ca ein gong i veka (når NO3-nivået tilseier det - alle andre verdiar er heilt stabile..), matar med tørrfor, mallepiller, mygglarvar og agurk/salat litt kvar dag (ikkje alle sortar kvar gong!) - og det ser ut som om det er fin balanse i karet. Alle som flytta inn i mars i fjor lever og har det fint (bortsett frå den lille Pristellaen som døde 30.3). Nokre har vokse veldig! Både ancictrusane og scalarane ser ut til å vere ein av kvart kjønn: Ancistrusen er ein med bart og ein uten - og scalarane slåss og vaskar blad, men utan at det blir noko meir enn det. Sverddragarane får små med jamne mellomrom - vi har sett det berre ein gong, men vi skjønar når det har skjedd, for då vert scararane til flotte rovdyr som er på vakt og snuser rundt over alt. Får sjå om eg får lagt til nokre oppdaterte bilete snart..

12.10.08: Dei tre praktbotiane har flytta ut i dag. Akvariet blei litt for trangt for desse, saman med dei andre - og dei blei litt mobbete ovanfor scalarane spesielt. I kveld har roa senka seg. Og sneglane som overlevde botiabesøket pustar letta ut og har kome fram på vindauget igjen....

21.07.08: Kom heim etter tre veker på ferie, alle fiskane hadde det bra! (Takk nabo Svein og Nina!!) Men masse pestsnegl. Så i dag har det flytta inn tre praktbotia frå Troyas Zoo på Sartor. Dei har okkupert "hula" under rota, men kjem fram i tur og orden så snart lyset går av om kvelden.

30.03.08 Første dødsfall - ein pristellatetra som har hangla i ei vekes tid "tok kvelden"...

29.03.08 To små scalarar flyttar inn. No ser det bra ut!

xx.03.08 Fem siamesarar kjem inn, populært kalla "makrellane".

xx.03.08 Ti pristellatetra kjem i hus.

07.03.08 To bittesmå Ancistrusar flyttar inn - rompetroll 1 og 2. Kjøpt på Vestkanten.

06.03.08 Tre sverddragarar flyttar inn, ein hann og tre hoer. Kjøpt på Trojas Zoo, Sartor. Aladdin og damene..

01.03.08 Fylte grus og vatn, sette i gang pumpa
Rapportér akvarium Registrert: 31.03.2008 Sist endret: 19.02.2014
Mer informasjon om akvariet
Status: Solgt/gitt bort
Substrat: Brun og kvit elvegrus i blanding.
Lys: 2x20W Hagen-rør
Filtrering: Innvendig Fluval 4
Bakgrunn: Ingen
Vannverdier: pH: 7.0   GH: 7.0   KH: 6.0
Temperatur: 25°C
Bilder
Fisk, dyr og planter i akvariet
Kommentarer: [Ny kommentar]