Kampfisk vs. kuhliiål

No skal eg kanskje kjøpe eit 45 litersakvarie, og innreie det spesielt for kampfiskoa mi, Doris. Ho har nemleg vorte forvist frå store-akvariet til fordel for litt snildare fiskar.

Ho skal no ikkje gå heil åleine, men eg tenkte på nokre fredelege fiskar, som held seg mest i botn- og mellomsjiktet. Då lurer eg på: går kuhliiål bra? Eg har alltid hatt lyst på nokre, men akkurat no har eg nok med to værålar, så kuhliiålen for gå saman med Doris, når den tid kjem. Går det bra med 2-3 av dei med ei kampfiskhoe? Og kansje nokre pansermaller.

Er det andre forslag? Frå før av har ho gått flott saman med otocynklus, L001, ancistrus, guramiar av ymse slag, og små tetra. Men ho var ikkje så snill mot sverdragarane mine, platyen, glassmallene, YNGLANE!!, og skjørtetetraene mine.

Takkar for alle svar! Kom GJERNE med FORSLAG
Jeg har hatt kampfisk og kuhlii sammen en god stund nå, de lever i god harmoni. Jeg tror det skal gå så fint så
Tenkjer også på å ha ein stim med Keisertetra med ho, 6-8 stk. Har kjøpt ein 60 liter no, er i gong med innkjøringa!
tror nok det vil fungere fint. men kuhlii er en stimfisk og bør derfor holdes i en stim.
Tilfeldig bekjentskap
© Yu-Chia Chang
Reklame for plussmedlemskap