Sjuk sverddrager

Eine hoa mi har nettopp byrje å oppføre seg rart. Ho klemmar finnane saman og "viglar" når ho sym; det er som om hovudet vuggar frå side til side, og symjinga er også ustabil. Ho et mindre, held seg for seg sjølv, og avføringa er litt rar; ein lang, tynn grå tråd.

Eg mista nettopp ein hann av same sjukdom (då rakk eg desverre ikkje å gjere noko, då eg oppdaga det rett før eg reiste ein fredag, og han var død når eg kom heim søndag). Då hadde dei andre fiskane allereie byrja å ete på liket, so det var nok ikkje mykje hjelp i å sjå etter parasittar om det var det som var årsaka.

Er det nokon som kjenner igjen dette? Og kva skal eg gjere? På førehand, takk for alle svar!!
Tilfeldig bekjentskap
© Birgitte Roland
Reklame for plussmedlemskap