Identifisering av malle

Eg var på utkikk etter ei større malle no når eg endeleg har fått eit større akvarium (hjørneakvarium på ca 300 liter!), sidan den sannsynlegvis ikkje ville vokse ut av eit såpass stort akvarium. Endeleg fann eg malla! Stor og fin, velholdt og flotte finnar, og ikkje heilt sjenert heller. Den er ca 17-18 cm lang, eg har telt 10-11 finnestrålar. Det er berre eitt problem.

Me veit ikkje heilt kva type malle det er! Me er rimeleg sikre på at det er ein pleco, men ikkje kva sort... Eg har hatt L-022 tidlegare, og eg trur ikkje det er denne sorten. Tvilar på at det er ein gibbiceps, men no har eg aldri sett ein gibbiceps med eigne auge heller.
Lastar opp nokre bilete som visar farge, mønster, ca storleik og antal strålar i ryggfinnen.

Takkar på førehand om nokon kan hjelpe meg å identifisere "Noldus"!


(ja, alle mine fiskar har namn om nokon skulle lure )
ser ut som en helt vanlig pleco det der.
her er ett bilde av min før den vokste ut av 180liters akvariet mitt

[External Image]
Hei! Ja, har mistenkt at der ein slags pleco, men er jo usikker sidan eg ikkje er malle-ekspert men tusen takk for svar! då ser det ut til at Noldus er ein vanleg pleco din var iallefall veldig lik i fasong, finnar og det der, ca same storleik også (men reknar med at Noldus vil vekse seg STOR med tida - og eg har plass til det )

Igjen, tusen takk for svar )

(beklagar sein respons)
Tilfeldig bekjentskap
© Ariel Bornstein
Reklame for plussmedlemskap