Eit lite uhell...

eg hadde sist gong, førte til at ca. 50 sebraciklideungar møtte den visse død i ei innvendig pumpe... Desverre, før eg rakk å kjøpe eit filter å ha utanpå, fekk dei fleire ynglar, som klekte i rekordfart. Held ei vanleg "finstrømpe" til å halde dei UTANFOR pumpa, istadenfor inni? :P Skal kjøpe meg eit filter no i dag, så gamblar på at dei overlever til filteret er på plass... Plutseleg var der nye egg då eg kom heimatt etter ein tur på eit par dagar! Og dagen etterpå, ja, då var dei klekte!

Dumme dumme pappa! Han flytta yngelen rett under pumpa sist gong! Ikkje forsto han kvifor ynglane var borte når han henta resten av syskjenflokken... Og mora leitte fortvilt etter dei! Var litt av ei familietragedie...

Vil helst ikkje ha noka reprise... :P Så eg satsar på at dei overlever finstrømpa, så eg får fostra dei opp og selgje dei vidare^^,
håpar det held...
for det er det eg prøver for mine skjørtetetra. Tok ein vanleg sokk str 38 og tredde utanpå pumpa for å hindre innsug, og evt dempe litt av trykket.
Ser ikkje at nokon av yngelen ligg klistra mot sokken, så då kan ein tru på at det held.
Her er en tråd om akkurat det samme.
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap