Birger's eventyr under vatn.

Ja då slenge eg meg ut i tråd jungelen, og skriv litt om mitt møte med vannverdenen utan å ha svømmehud mellom tærne.

Eg har sidan eg var liten alltid drøymt om å ha eit akvarium, ein liten bit av ein undervannsverden heime i stova. Har alltid vore oppslukt av diverse i dyrerike, men aldri hatt eit eige akvarium før nyleg. Eg er i sluttfasen av ein master i kunst, og det var etter ei utstilling der eg nytta meg av ei rekke akvariumstankar at eg tenkte; "Eg har jo desse tankane ståande, så kvifor ikkje fylle eit med vatn?" Og då var eg igang.... Facinasjonen kom snikande og kort tid etter oppstart fant eg meg sjølv bruke utallige timer kvar dag på akvaforum, sulten og glupsk på informasjon.

Det første akvariet, eit 54L selskapsakvarium vart sett opp på seinhausten i fjor. Eg var heldig og slapp de store "krisene" som mange nybegynnere opplever. Dette er nok takka infoen eg har funne her på forumet og ikkje nødvendigvis det eg fikk med meg frå butikken, så er det sagt.
Eg gikk for dei fiskane som var enkle, slik at eg kunne få ein grei start på min nye hobby. Starta med ei lita gruppe metallpansermalle, og auka seinere med ei gruppe neon og kardinal-tetra, så dukka det opp to ancistrusar, og seinare nokre guppyar. Siste tilskotet var to plattyer og ein gjeng kirsebærreker.

Det vart sjølvsagt god stemmning då eg for fyrste gong oppdaga yngel i akvariet, og eg saumfarte trådana som omhandla, fødebokser, nett, eige yngelakvarier og liknande. Hadde som alle andre fyrstgongs-ynglere så utruleg lyst at alle skulle leve. Har gjort mine erfaringer her, og har konkludert med at det aller beste er å stappe oppi ein god klump med eksempelvis hornblad, så vil de som "skall" vekse opp, vekse opp.

Frustrasjonen var stor då eg tre dager før heimreise til juleferie oppdaga 40-50 yngel symjande rundt i horn-blada. Eg hadde etter råd her på forumet ikkje tenkt å ha noko anna en eit par sakteoppløysande sticks som for i ferien, og tenkte at då ville nok yngla enten døy, eller verte oppeten av sine større slektninger. Eg pakka da eit reise akvarium,med alt som skulle til; 6-l plastakvarium, filter, varmekolbe, termometer, div for, og alt anna utstyr som eg tenkte eg kunne få bruk for. Fiskane vart transportert i to 0,5liter plstflasker sammen med nokre planter.Begge flaskene vart godt pakka inn i ullsokker for å støyt og varme sikkre dei på best mmulig måte. Reisa var riktig nok kun på to timer, og gjekk heilt fint. Ingen døde yngel vad ankomst og oppsett av akvarium heime hos mor. Men så gjekk antallet drastisk ned...
Og yngle akvariet vart etter ei stund kun eit planteakvarie....

Det var nok fleire grunner til dette, mest sansynlig var hovud årsaken at temperatur svingingane var for store. Ein varmekolbe som var altfor stor gjorde at eg måtte stole på romtemperatur. Og på vinteren er det ganske vanskelig å oppretthalde ein jamn temperatur når ein fyrer i vedomn....

Men men, slike erfaringer er vel med i denne hobbyen, og den viktigaste erfaringen fikk eg då eg kom tilbake... For der symde det tre fine yngel, sunne og friske, rundt i akvariumet. Altså hadde det vert større sansynlighet for at fleire hadde overlevd av dei som vert med på juleferie, om dei hadde fått verte verande i 54L.

Heisann,eg får vere den fyrste til og seie velkommen med eigen tråd!Ja dette er staden der det vankar mykje folk med masse kunnskap.Eg er so imponert over alt folk her kan,og so velvillig dei deler av kunnskap og hjelp.Du får ha lykke til vidare med denne givande hobbyen

Mvh
Tusen takk for det. Ja det er heilt utrulig kva kunnskaper folk innehar her og det er jo eit virkelig pluss når ein er i gang med ein hobby, uannsett på kva stadie dei er komme.

Eg kan jo tilføye at eg har utvida med eit lite oppdrettskar for kirsebærrekene mine. Hadde de i selskapskaret før, men der er det ein del gluppske fisker, så eg såg aldri noko yngel av rekene. No er det fullt av små reker i det nye karet.

Har to akvariumer til, 54L og 85L, som står tomme. Klør i fingrane etter å sette dei opp. Et skal settest opp no snart, og det andre kjem opp når eg finn meg ein litt større plass. Eg har funne ein tysk nettbutikk som eg skal prøve å bestille litt utstyr frå, og då eg har ein bror som har tysk kjæreste slipp eg porto da han tek med seg tinga til norge. Som student treng ein finne sine måter for å kunne holde mest mulig på med hobbyen.
O vakre sykluss!
Det er herlig å sjå at ting fungere i praksis slik det skal i teorien. Mitt nyoppstarta reke-kar (6.januar) har nett komme i go laget. Eg lagde eit heimelaga svampfilter av litt naursvamp og eit plastrør. Det vert drive av ei luftpumpe. Eg kick-starta det med guffe frå filteret i 54L'n og målte nitritt med daglige vannbytte i dagane som kom. Den fyrste veka låg nitritten på 0,2+, ein rimelig rosa farge(Prodac tester), men den siste veka har det nesten ikkje vert nokon nyanse av farge i heile tatt. Kun eit svakt skjer av rosa. Dette på tross av mykje meir sjeldne vatnbytter.

Og rekene stor-trivst, vertfall i følge formeiringa. Da de var inbyggere i 54L'en så eg ikkje noko til reke-yngel, men no er det virkelig plenty. Derfor planlegger eg å snarlig sette opp eit av dei to akvaria som står i boden. Mulig dele eit akvarie i to og få ein del til kirsebær og ein til bluepearl shrimp.

Går nok til innkjøp av eit større kar når eg flytter til ein større plass. Noko som forhåpentligvis skjer i byrjinga av sommaren. Har veldig lyst på eit kar med Green Laser, og nokre med L-Maller. L144, L128 er dei eg har sett meg ut i utgangspunktet. Må også muligens lage litt plass til nokre Apistogrammer(kakadue), da det er desse sambuaren min har blinka ut. Viktig å ha dei man deler bolig med, med på laget. Har registrert at det til og med er ein tråd med råd for å overtale sine sambuarar til fleire akvarie.
Lure på om ein slik trå finnst i alle forum. I eit bok-forum; koleis få inn ei til bokhylle. I eit treningsforum; korleis få 50kg til inn i kjelleren. Sansynligheten er stor, og hemmeligheten er vel å få forståelse for lidenskapen sin fra dei man bur med. Så langt gå det bra...
Og eg som trudde eg kunne trollbinde folk sin interresse berre med å skrive... Sjølvsagt, bilder kjem snarlig.
Birger S
Og eg som trudde eg kunne trollbinde folk sin interresse berre med å skrive... ;) Sjølvsagt, bilder kjem snarlig.


Nope! Bilder er viktig -dårlige eller gode, viktig uansett
Jau då var me klare med nr2
Ja. Nå er kar nr to oppe og går. Eit 54L Akvastabil som har blitt eit reke kar. Ca 100 kirsebærreker går der no, og skal få formere seg litt. Har prøvd hjørnefilter metoden. HMF. Ser ut til å fungere godt. Sidan det er eit lite kar med reker har eg ei 150-300 l pumpe frå eheim på lavaste gjennompumping. Dette ser ut til å ha ein fin sirkulasjon i tanken, utan å sende rekene veggimellom.

Filteret vart kick-starta med guffe frå acquaballen i det andre karet mitt. Har sjekka nitritt frå oppstart og det ser meget lovande ut. Har plukka ut nokre planter frå det andre karet som fikk gå her. Skulle også kjøpe inn mose for å dekke bonsai-treet og deler av substratet.

I går var eg og kjøpte to porsjoner flott riccia som no dekker treet og deler av botnen. Det ser bra ut. Hadde litt problem med å få det til å feste seg, da det hadde uventa stor oppdrift. Fikk også med ein påse med diverse andre planter som vart fordelt på kara. Har inntrykk av att det er mykje generøse folk innafor denne hobbyen. SÅ då vart karet grønnt litt fortare enn planlagt.

Bonzai-treet vart forresten tørka i lang tid før det vart plassert i karet.



Jeg klarte ikke helt se detaljene på bildet, men har du "stammet opp" en ricciadott? Stilig! Hvordan fikk du festet riccian? Ikke bare har den stor oppdrift, men går jo raskt i oppløsning med for mye håndtering. Jeg har ikke orket å prøvd noe annet enn å la den flyte på et rolig sted i karet..
Eg har rett og slett lagt to store stykker riccia oppå treet. Så har eg strødd over litt av bunnsubstratet(grus 1-2mm). Ser ut til å fungere ganske bra. Men etter kvart som reken kommer og piller detter grusen gjennom ricciaen, så må nok fylle ein del på. I etterkant ville nok eit nett fungert betre. Og så latt ricciaen vokse gjennom nettet, og trimma etter kvart som oppdriften vart for stor.

Har også "planta" litt riccia på botn av akvariet med samme metode. Ser ut til å gå, men den er veldig skjør ja. Dette er jo eit roligt reke-kar. Trur ikkje det ville godt like godt i eit litt meir livlig.
Co2
Har laga eit lite DIY Co2 anlegg.

Målte nett Kh til 2 og Ph til 6,5, og ut fra denne tabelllen skulle det vere ca 20ppm, noko som ser ut til å vere innafor grønt på tabellen.

Dette var i eit resun 54L som eg hadde tilsatt co2 i går og i dag. (økte Kh dag til 3 for å vere litt sikkrere)

Til samanlikning har eg eit reke-kar på 54L som eg ikkje har tilsatt noko og der vart målingane Kh3 og Ph6,8 noko som ut fra tabellen viser Co2 på 14 ppm.

Bruker dråpetester fra Prodac. Min erfaring er at Kh-testen er ganske lett å lese av. Ph-testen derimot kan vere litt vanskligere å måle nøyaktig. Har eit rimelig godt trent "farge øye" etter ein master i kunst, men må forhøre meg med min sambuer for å vere sikker. (ho har samme utdanning) Så Ph målingane kan muligens vere litt "ute å køyre".

Ser at det vert nytta mg/L som eining her, litt usikker på kva ppm er i forhold, men det ser ut som om målingane mine er innafor det grønne uannsett.
Tilfeldig bekjentskap
© Hans-Georg Evers
Reklame for plussmedlemskap