Anka78 sin undervatnsverden. (side 2)

NH4 og NO2 skal være null.

Dersom du har Tetra sin dråpetest viser ikke disse helt ned desverre.

1.5mg/l amonium er ufarlig så lenge PH ikke er noe særlig over 7.


-Tim
Tja, lavaste målet på No2 er under 0,3mg/l. Finnast ingen null, så då er det vel så bra det går med tetra testane. Nh4 veit eg jo egentleg ikkje, sidan den testen står det kun Nh3/Nh4+(ammoniakk) på...?

Og så må eg berre seie:"ARRRGHHH!!!" For no må eg dure i sentrum og sjå om eg finner lita nok varmekolbe til 63l. Ingen av dei eg har er små nok. Visst eg dyttar den minste laaangt nedi sanden, så kaaaanskje det går. Men den verste kneika er aluminiumsramma rundt toppen, noko som gjer at varmekolba må stå UNDER kanten på akvariet. Irriterande...ja,ja, fisken min i 180l skal ikkje fryse iallefall, no har eg to varmekolber i reserve til den.
Ja,ja, har fått satt opp akvariet, fyllt med vatn og hosta igang filteret. Kun varmekolba som manglar no.
Jippi!
Fekk tak i varmekolbe på 22cm som passar for akvarier opptil 70liter, midt i blinken (men jammen meg dyrt nok...slik er det når ein hastekjøper...)
Fekk også spennande pakke i posten! Klarte ikkje å motstå fristelsen, så eg kjøpte 6 kirsebærreker og 25 sandsneglar. Dei kom i dag sammen med nokre nye plantar. Mesteparten av sneglane er alt putta i 63literen, medan ein liten del fekk komme i 180literen. Rekene ligger til "oppvarming" i 180literen. Eg hadde egentleg tenkt å putte rekene i 63literen, men sidan den berre såvidt er oppstarta så tørr eg ikkje det. Er litt skeptisk til guramiene mine, om dei tenker på å jakte rekene...dei er særdeles nysgjerrige på posen og det inni. Tenkte å sleppe rekene to og to for å sjå reaksjonen på fiskane. Skjærer det seg, så får rekene bu i plastakvariet (fant eit plastakvarie også i kjellaren, gitt!) med hyppige vatnbytter fram til 63literen er klar. Men eg satsar på at det går greit i 180literen. Får heller legge inn litt ekstra agurk og snacks så fiskane får andre ting å tenke på enn å jakte reker. Åh, spennande med kirsebærreker, har ønska meg det ei stund!
Søren også, at eg ikkje kan handle istadenfor å berre tenke nokre gongar! Eg var innom forumet og las litt i går kveld, såg at det vart anbefalt damestrømpe forand innsuget på filter for å unngå at rekeyngel vart sugd inn. Hmmm, tenkte eg, kanskje eg skulle gjere det i morgon? Såg nemleg ut for at den eine rekehoa var med egg. Akkurat korleis eg skulle få festa damestrømpe forand innsug på innebygd juwelfilter orka eg ikkje å tenke på då, det kunne eg ta i dag, tenkte eg.
Står opp og det fyrste eg gjer er å sjekke akvariene. Må jo sjå om rekene har overlevd fyrste natta med Guramiene. Vel, eg kunne ikkje sjå ei einaste reke i 180literen...eg kikka og kikka, men kunne ikkje sjå snurten. Eg skjellte litt på Guramiene og sa nåde dere om dere har rørt rekene mine, altså! Til slutt sjekka eg filteret sånn for sikkerhetsskuld...og der låg det to reker trøkka nedi filtersvampane! Den eine var hoa...*hulk*. Kor dei to andre er aner eg ikkje, men fryktar at dei er lenger nedi filteret...
Heldigvis tok eg ei hoe og ein hanne og satte i 63literen i går kveld, som "backup". Den hoa har muligens også egg i nakken, var noko gulgrønt der syns eg. Dei to såg ut til å ha det fint, heldigvis. Er mindre innsugopning på fluvalpumpa. Men skal finne fram strømpebukse, klippe til og få tredd på den pumpa iallefall for sikkerhetsskuld!
No får eg berre håpe at kickstartinga mi av det akvariet fungerar. Har målt verdiane der i dag tidleg og dei vart:

Ph- 7
O2- Litt over 5mg/l
No2- under 0,3mg/l (lavaste på tetratesten)
No3- 12,5mg/l
Kh- 3
Gh- 7
Nh3 (ammoniakk)- 0 mg/l
Temperaturen ligger på 23grader.

Oppdaga at eg hadde putta Anubis oppi "rekekaret" og etter å ha lest her inne at Anubis er giftig for reker så vart dei røska opp faderlig fort! No planlegger eg mosebakgrunn og litt fleire rekevennlege plantar i akvariet. Sidan eg har kickstarta akvariet så vurderar eg såvidt om eg burde hatt oppi noko fisk også for å halde bakteriefloraen ved like. Litt usikker der, vil jo gjerne at rekene skal leve opp, men har ikkje lyst til å miste fisk. Vurderar då å sette inn litt kuhliål og kanskje nokre små, rolege stimarar eller botnfisk(maller).
Sandsneglane i rekeakvariet ser iallefall ut til å trivast godt, dei durar inn og ut av sanden overalt. Håper dei lagar gode levevilkår for plantane. Rekene som er igjen ser også ut til å ha det bra. Dei svømmer litt rundt, renskar på moseballar, sitter på trerot eller steinar og ser seg rundt. Akkurat NO angrar eg på at eg ikkje hadde alle rekene i 63l, men er jo litt seint. Eg var redd for at 63l ikkje var klar og at rekene ville stryke med der...*sukk*...ein lærer, om enn på ein litt dyrekjøpt måte.
Eg såg jo at rekene var forand innsuget på juwelfilteret, men såg ikkje ut som om dei hadde problem med å svømme unna eller stod i fare for å bli sugd inn. Den eine reka satt til og med PÅ innsugingsrista ei stund, før den svømte vidare. Ja,ja, sånn kan det gå.
Jippi! Eg fant ei overlevande reke i 180literen!!
3 reker vart funnen døde i filteret,men den fjerde fant eg ikkje. Tenkte då at den var dratt lenger ned eller blitt "partert" i småbitar på ein måte. No nettopp var eg ute og kikka litt inn i akvariet, og trudde ikkje mine eigne auger! Der, like ved amanorekene satt det ein bitteliten tass! Det er ein av dei minste kirsebærrekene, men likevel såg den heilt fin ut. Skundte meg å slå av filteret og finne fram håven. Fekk etter litt om og men fiska den opp og plassert den over i 63literen der eg har "rekesikra" filteret med ei tynn strømpebukse. (kan dei andre 3 ha strøke med av andre grunnar enn å bli sugd inn i filteret? Er ikkje SÅÅÅÅ ekstremt sug i juwel innebygd pumpe, då?)

Eg var også på handletur i dag, skulle kjøpe eit blåfilter. Kom heim med 5 vinkeltetra og 3 kuhliålar...*kremt* unnskyldninga er at eg må halde bakteriefloraen i filteret ved like og då er 3 reker og nokre sneglar litt lite... Dessutan trengte min einslege kuhliål selskap. Har midlertidig plassert 2stk kuhliålar i kvart akvarie, ville ikkje begynne med å fange inn "gamleålen" i 180literen. (enklare å berre sleppe ein oppi til han/ho)
Men alle ser ut til å ha det bra, tetraene er skikkeleg glupske på mat men trur eg må få tak i eit anna fòr enn det eg har no. Ein bra slutt på ein litt tragisk dag.
Dette blir omtrent som mi eiga lille private dagbok, kjekt å berre gå inn og bla for å sjå kva eg gjorde då og då.
I dag har eg flytta to av vinkeltetraene over i 180literen. Veit ikkje kor smart det var, men dei tre andre vinkeltetraene mobba frykteleg på akkurat desse to. Desse to er også svært tynne og har holdt seg skjult under pumpa eller mellom plantane nesten heile tida. Eg tørr ikkje å overfòre i 63l då dei produserar avfall nok som det er. Så då vart løysinga å flytte desse to tynne "fyrane" over i storkaret og sjå om eg får feita dei opp litt. Får berre håpe guramiene er snille mot dei. Får følge med nøye, går det bra så er det ikkje umulig at desse to får vere i 180literen, iallefall ei stund framover.

Rekene ser ut til å trivast. Hoa er ganske mørk raud no og hannane er lyse raude, eg las at det var teikn på trivsel. (altså sterk farge, dei var nesten gjennomsiktige når dei kom, reise i posten er neppe så kult.) I tillegg fekk eg eit lite nervøst samanbrot i kveld då eg trudde eine reka var død. Heldigvis viste det seg kun å vere skinnet som låg der. Om eg ikkje hugsar feil så er vel det også eit trivselsteikn? At rekene skiftar skinnet altså.
Mengde "avfall" i 63literen kontra 180literen bekymrar meg litt, det er også noko av årsaka til at eg har flytta tetraene over i 180literen. Planen er at visst tetraene og guramiene går fint sammen så er det mulig eg flyttar alle tetraene over i 180literen så blir 63literen kun for reker og kuhliål. For eg ser at det skal heftig filter for å ta unna møkka etter tetraene. 180literen ser gullande rein ut heile tida, medan 63literen ser ut som ein møkkakjellar. Slamsugde i forgårs og trur eg må slamsuge igjen i morgon. Har bestillt slike "rekeblader" (Capappa, capalla? Eller noko slikt?) på ebay som eg håpar å få iløpt av kommande veke. Dei var iallefall sendt i går, brukar ikkje å ta allverdens tid. Desse skal rekene få, spennande å sjå kva dei syns om det. Trur eg må skaffe meg nokre reker til, då eg har lest at dei trivast best fleire sammen. Og visst tetraene flyttar, så trengst det nokre fleire søtnosar i akvariet.
Har såvidt vurdert om dvergguramien min skulle få bu i rekekaret saman med ein kjæraste. Men usikker på korleis det ville gå med rekene. Men dvergguramien er liksom ikkje heilt med i "guramigjengen", han virkar periodevis litt ensom syns eg. Får sjå kva eg finner om lesestoff rundt dette.
I dag hadde eg 50% vatnbytte på 63literen. Fekk utslag på ammoniak der på testen i går, men sidan testen min måler både Nh3/Nh4+ så er det ikkje garantert det er ammoniakk såvidt eg har forstått? Tok uansett 50% vatnbytte i dag tidleg og flytta i samme slengen dei siste 3 tetraene over i 180literen. Ser ut til å gå fint med guramiene og tetraene sammen. Er nok veldig greit at det kun er hannguramier der...
Ph`n i 63literen ligger stabilt på 7, enn så lenge. Men gh og kh hadde gått litt ned, så blanda inn litt gh og kh + i påfyllsvatnet. Ellers var alle målingar heilt fine.
Hadde måling på 180literen i kveld, og den slo ut på det meste. Kun minimalt utslag, men var spor etter både No2, No3 og ammoniak. I tillegg låg ph på 7,5, noko eg syns er rart når springvatnet er 6,8 og kalksteinen er borte... Så der blir det 50% vatnbytte i morgon tidleg. (er tross alt 7 dagar sidan siste vatnbytte, så utruleg at det har gått bra så lenge igrunnen syns no eg, då, med alt rotet mitt...) Skal lage klart vatnet i kveld så er det berre å hive seg i gong når eg står opp. Stressar ikkje, då det som sagt var minimalt utslag og fiskane ser heilt normale ut. Ingen teikn på stress eller unormal oppførsel på noko vis. (unntatt tetraene då, men dei er jo kommen i fremmed kar og er vel normalt litt smånervøse)
Ho-reka har vokst! Syns ho er mykje større allerede, enda ho kun har vore her nokre dagar. Hann-rekene gøymer seg mykje for tida, spørs om det er dei som driver med ham/skall-skifte?

Trur eg har fått eplesnegle baby, var vanskeleg å sjå. Prøvde å fange den, men i angst for å knuse den bittelille saken så mista eg den og den forsvant nedi sandbunnen ein stad. Får prøve igjen seinare. Eg har pestsneglar også difor eg er usikker, men denne var rundare på ein måte og nesten gjennomsiktig (sikkert nyfødt/nyklekka). Den er i rekekaret, så skal sjå om eg klarar å sjå den igjen. Parrar eplesneglar seg på noko vis, eller er dei "sjølvfertile" tru? To av eplesneglane mine dreiv nemleg med nokre merkelege omfavningar ei god stund i kveld...
Kuhliålane ser også ut til å vere svært gode vennar, dei buktar seg sammen i tider og utider. Problemet no er at eg idèellt sett burde ha samla alle 4 kuhliålane i samme akvarie syns eg. Då møter eg på to problem: Korleis fange dei utan å maltraktere heile karet? og Kva kar burde dei vere i? Sandbunn er gjerne hyggelegare for dei enn grusbunn, og isåfall blir det rekeakvariet. Så får eg lese og sjå om kuhliålar et rekeyngel... Ja,ja, hastar ikkje, dei kan vere 2 og 2 sammen ei stund. Kanskje endar eg opp med å kjøpe fleire ålar etterkvart så kan eg ha i begge karene...you never know, you know... Men førebels skal det ikkje kjøpast meir fisk (med unntak av litt fleire kirsebærreker for å få det meir sosialt og spennande i rekeakvariet, då...men ikkje så veldig mange!)
I dag kom det fleire reker i posten, dei vart putta sammen med dei andre og ser ut til å trivast godt. Tok eit vatnbytte på 180literen, vatnbyttene går kjappare og kjappare syns eg.
Så var det å dure på gardermoen og få henta gubben heim. Hadde forberedt meg godt. Nybakt marsipankake og tropisk aroma stod klar heime sammen med nyaste Pondus boka.
Vel, det gjekk over all forventning. Han syns akvariene var fine. Når eg snakka om at det minste trengte skikkeleg lys, (har kun ei bordlampe akkurat no til det) men at eg ikkje hadde råd til det enda, så meinte han at med litt godsnakk så var det jo ikkje umulig at han kunne sponse... Så då skal eg godsnakke MASSE, så kanskje eg får slikt lys som henger ifrå taket *har veldig lyst på!!*. (muligens vart han også veldig letta over at eg "berre" hadde kjøpt akvarie...han frykta ei stund at det var kommen fleire hestar til gards...)

Men no må eg skunde meg i stallen så eg får komme meg inn igjen og begynne godsnakkinga...he,he...
Så får eg ta ei lita oppdatering. 63literen har variert litt i vatnkvaliteten den fyrste veka, men ser no ut til å stabilisere seg. Rekene ser ut til å trivast, mange av hoene bærer på egg og det blir skifta skinn hand over hovud! Kvar dag ligg det nye, tomme skinn i akvariet. Eg fekk catappa (?) bladene som eg kjøpte på e-bay, og kuhliålane beslagla desse som sine nye heimar nesten umiddelbart! Populært med andre ord.
Ancistrus hannen har dei siste dagane "forsvunne". Han var blitt meir og meir sosial, dura rundt i heile akvariet og flørta hensynslaust med sine to hoer. Så plutseleg såg eg ikkje lenger snurten av han, ser berre halen hans som stikker ut av eine trerota. Sidan vi no er på 3. dagen der eg ikkje har sett han utanfor rota så begynner eg sterkt å mistenke at han ligger og voktar på egg inni rota. Men vi får sjå...stemmer min mistanke så kjem det vel små ancistrus babyar svømmande og klistrar seg på akvarieglaset om nokre dagar. Visst ikkje så må hannen ha "gått i hi" eller noko slikt...han kjem ikkje ein gong ut for å ete, så eg har dytta litt mat inni rota til han.

Litersjuka ser ut til å ha grepe meg også. Eg har nemleg bestemt meg for å få tak i eit akvarie til, og helst eit over 200liter. For då kan eg flytte guramiene over i det største, og så blir 180literen tetra og reke bolig med nokre små modifikasjonar (som f.eks å ha utvendig filter istadenfor det innvendige, evt. gjere det innvendige filteret rekesikkert). Eg får sjå kva som dukkar opp...eg har jo ganske god plass i gamlehuset der akvariene står no, så mulighetane er mange. Og gubben har gitt klarsignal for eit akvarie til (og virkar som om han bryr seg lite om kva eg finner på på det området) så her er det berre å hoppe i det. (så snart eg får lønning vel og merke...)

Sneglane fangar interessa mi meir og meir. Eg er i tenkegropa på om eg skal beholde 63literen som reint snegleakvarie, f.eks til kjempeeplesnegle. Men må tenke vidare ei stund og sjå kva mulighetar som byr seg framover.
Eg legger ved litt bileter av sneglane mine.
Så spennede med oppdatering.

Det er bare moro med disse karene. Jeg har/hadde (tatt ned for øyeblikket) et 375 liter, men det er bevegelser i gulvet og da tør jeg ikke ha det oppe. Så her i huset er det bare småkar

Jeg hadde en samboer som sa nei nei nei. Nå har han resignert... hihi...

Han har sitt eget da. Der bor det en rød mangrove krabbe og 2 indiske kloreker.
Ny innbygger er snart dvergkulefisk.

Har bestilt snegler fra Heidi her inne, er spent på hvordan det er. Aldri hatt snegler. Bare pestsnegler.. Og det var ikke kult.
Litt fleire bileter. Her er det fyrst Amanorekehoa som har funne seg ein matbit. Eg fekk ikkje med at dvergguramien prøvde å stjele maten hennar...han forfulgte ho overalt, men ho likevel ikkje opp. Maten var hennar og KUN hennar, tenk!
Så er det eine kirsebærrekehoa med egg i nakken. Og til slutt to av eplesneglane mine. Desse to innbiller eg meg at er hoe og hanne, men det er kun p.g.a størrelsane deira. Så kan likegodt vere to hannar, to hoer eller noko slikt. Eg har prøvd å sjå etter når dei klatrar på glaset, men ikkje så enkelt å sjå noko der...
Etter å ha studert bileter av sneglane, studert dei "live" og lest ein del her på forumet, så trur eg at eg kan konstatere at av 4 mulige så har eg 4 hannar. Må nok kjøpe inn fleire eplesneglar då om eg skal ha håp om formeiring. Men får vente med det til eg får på plass nytt akvarie og fått omrinnreda og styra med dei andre.
I dag kom det forøvrig 15-20cm snø dalande her oppe, eg håpar verkeleg ikkje den har tenkt å bli, for eg må få henta opp ein del sand og stein frå elva fyrst...usj, at eg ikkje har huska på det tidlegare. Ja,ja, eg har mine sterke tvil om at vinteren har landa for godt. Pleier å vere litt fram og tilbake med herr vinter før den går inn for landing. Men uansett så vart piggdekka satt på bilen min i kveld. Vi bur såpassa høgt oppe at det egentleg var på høg tid å få dei på. Var litt snøfall før helga også og har vore kuldegrader ei stund. Er litt godt å ha fått piggane på, så slepp eg ubehagelege overraskelsar ein tidleg morgon eg skal på jobb...

Ancistrus hannen ligger framleis inni rota og viftar med finnane, eg er så nysgjerrig at eg holder på å sprekke! Visst det er egg der så må eg prøve å få nokre av dei over i rekekaret når dei er klekka. Er redd for at guramiane og tetraene vil forsyne seg av yngelen, dessutan er det stor fare for at ein del yngel forsvinner i filteret. Men i rekekaret burde dei vere tålig trygge. Får også håpe at algefòret eg har bestillt kjem i tide...spennande dette! Visst ikkje det kjem ut yngel til helga, så må eg prøve å ta ein sjekk. Har lest at hannen ligger og viftar over eggene i ca. 5 dagar. Så visst det stemmer burde det begynne å komme yngel på torsdag sånn omtrent. Skjer det ingenting til helga, så bør eg sjekke at alt er ok med ancistrus hannen og sjå om det verkeleg er egg der inni rota eller ikkje. Er håplaust å finne det ut utan å vri på rota og lyse inni med lommelykt eller å ta den ut. Vil helst ikkje fortyrre hannen før eg evt. må. Har fundert på om eg skal prøve å snu rota forsiktig, kanskje er det lettare å kikke inn bakfrå? Men får smøre meg med iallefall LITT tolmodighet.

Eg skifta vatn på begge akvariene i dag. Skifta 25liter på 63literen og ca. 55-60liter på 180literen. Målingane har vore fine, men fant ut at det var greit å ta eit lite vatnbytte no. Er ingen spor av nitritt i nokon av karene og det er eg veldig glad for, men måler ganske hyppig fortsatt. Er jo fullt klar over at sjølv om filteret er kickstarta med filtermasse frå det store så kan eg få nitritt topp. Det har vore antydningar til amoniakk i begge karene, men veldig lite. Og det dumme med tetra testen er at det måler BÅDE NH3 OG NH4+ i samme testen. Så for ein nybegynnar er det ikkje så godt å vite kva som er kva under målinga. Har tenkt på å kjøpe inn nokre jbl testar i tillegg til tetra testane, særleg på nitritt og amoniakk. Men når det har vore antydning til noko, så har eg skifta minst 30% vatn (i 63l skiftar eg oftast 50% ved utslag). Fiskar og reker ser ut til å ha det bra, og då er eg fornøgd. Eg kan "hand mate" guramiane og til ein viss grad vinkeltetraene, og det er utruleg gøy! Eg duppar fingeren litt nedi eine fòret og holder fingeren såvidt nedi vatnflata. Då kjem guramiene og "bluppar" i vatnflata og på fingeren min. Kjem slike smattelydar...eg er heilt fasinert eg... At tetraene som virkar så sky også kjem og "skumpar" borti fingeren min er berre gøy!
Kirsebærrekene blir tøffare og tøffare, dei begynner å venne seg til at eg klistrar ansiktet oppi akvarieglaset i alle vinklar og til alle mulige tider. Til og med at eg stappar hendene oppi for å justere på algebollane eller dandere catappa blader tar dei med tålig bra ro. Eine reka kræsja nesten i handa mi i kveld, men når ho oppdaga handa så berre slutta ho og svømme og sank sakte mot bunnen der ho labba vidare. Ingen u-sving i vill panikk, kanskje lamma av skrekk...? Eg ventar i spenning på at dei fyrste rekeynglane skal komme. Er så spent på kor små dei er og om eg vil oppdage dei med det samme eller ikkje. Ikkje minst er det spennande å sjå om dei overlever og vokser opp til flotte kirsebærreker. Hadde vore best å få flytta rekene i nytt kar før yngelen kjem, men det rekker eg neppe. Har ikkje funne kar som passar meg i pris og størrelse enda (og ikkje minst som er nærme nok). Leitar dagleg på finn.no, nettakvariet og her inne. Mange mulige, men ingen som er "riktig" enda...og eg er berre LITT utolmodig her...ja,ja.
Klarte ikkje å dy meg i dag, så berre MÅTTE snu litt på rota for å sjå om eg skimta nokre små egg. Og joda, inni rota ligger ancistrushannen og voktar på ein liten gul eggeklase! Såg kun 2 gule egg, då, men trur det er fleire inni der, vanskeleg å sjå skikkeleg inni rota. Så då er det berre å vente i spenning! Hannen er standhaftig, har omtrent ikkje lea seg av flekken på fleire dagar. Såvidt vore ute av rota for å snu og skifte stilling nokre få gangar (han må ligge omtrent opp-ned inni der, sikkert sånn passe gøy i lengda...).
Jippi!
I dag såg eg ein liten ancistrus yngel med diiiiger plommesekk som satt rett utanfor hula i trerota og "svømte"!! Dette blir ein spennande dag, veldig spendt på kor mange fleire det er. Hannen ligger fortsatt og viftar standhaftig over eggene i rota. Neste problem er kva eg skal gjere vidare...flytte yngelen fortløpande over i rekekaret, eller la dei vere i det store så lenge som mogleg? Prøve å yngelsikre filteret? Men korleis i allverden yngelsikrar ein eit juwel innebygd filter? Hmmm...i tenkeboksen her.
Har justert temperaturen i rekekaret for å ha den så lik det store som mogleg med tanke på flytting av yngel. Skal ta måling i dag for å sjekke om det må gjerast meir for å få verdiane så like som mogleg. Men desse to karene har vore ganske lik i målinga heile tida, det lille svingar litt meir det er einaste ulempen.
Og spenninga fortsetter!
No går eine kirsebærreka med eggene under magen...då er det vel ikkje så lenge igjen til rekeyngel!
Og eine ancistrushoa var på besøk inne hos ancistrushannen no...kan det tenkast at dei legger nye egg alt? Er to hoer og ein hanne...må passe på å legge inn litt fòr til han framover i tilfelle...
Huttemegtu...blir nesten litt overgira her, eg... Hadde det berre dukka opp eit draumekar til ein draumepris no så hadde alt vore toppers! (og kryssar alt for at dei søte små vokser opp og får det bra...det er neste spenningsmoment)
Eg har roa ned igjen no...
Ingen ancistrusynglar å sjå utanfor rota enda, reknar med at det kan komme nokre ut rundt neste helg. Eg er litt bekymra for dvergguramien min, han voktar på utgangen til trerota, og eg syns han ser veldig svolten ut... Kan det vere at han ventar på ancistrus-lunsj...?
I går bygde eg meg ein solid trebenk/bord som skal kunne romme 2stk 63literar oppå og 2stk mindre akvarier under (går 1 stk 63liter eller kanskje 2stk 54litarar under vil eg tru). Tanken er å ha den som ein form for romdelar i "akvarie-rommet" mitt og fylle den med akvarier etterkvart. Førebels er den ikkje 100% ferdig, manglar ei list som skal skjule stoffet på toppen. Eg la nemleg liggeunderlag oppå med lyseblått bomullsstoff på toppen. Om det er så glupt gjenstår å sjå. Tenkte å bygge meg eit mindre bord å ha ved sidan av. Har nemleg eit ganske mektig skrivebord der eg tar vatntestar, men det skjular no delar av benken og det kan vi ikkje ha noko av! Så då må bordet erstattast med eit litt smalare eit. Det fine med å bu på gård er all tilgang på gratis byggemateriale, he,he. Og akkurat no er det heller ikkje så dumt at gubben elskar å kjøpe stadig nye verktøy.

Mitt stoooore prosjekt for tida er å spore opp og få kjøpt meg eit større akvarie. Denne gongen skal det helst ikkje kjøpast med fisk, då eg hatar slikt hastverksarbeid som eg laga meg då eg kjøpte 180literen. Eg har vore nedi elva og ausa opp bøttevis med sand som eg etterkvart skal begynne å vaske og koke. Henta også ei bøtte med ulike steinar som eg tenkte å få limt sammen til huler og "klippeformasjonar". Håpet mitt er å få tak i eit akvarie på mellom 250-540liter som skal stå midt forand sofaen min, då blir den "hovedatraksjonen" i akvarierommet. Då må den også sjå fin ut, og Juwel-karene er ekstra populære hos meg. Men uansett kva kar eg ender opp med så bør det vere svart...helst. Og sånn egentleg burde karet vere på maks 400liter med tanke på vår periodevise begrensa vatntilgang. Vi har eigen brønn og i ekstrem kulde midtvinters har det faktisk skjedd at vi går tom for vatn ein liten periode. Men så brukar vi ein del vatn også. For eit par år sidan hadde vi 4 hestar midtvinters som då drakk 130-160liter i døgnet. Vi har ein Thermobar på 130liter som eg då måtte fylle kvar morgon, og periodevis også om kvelden. No har vi 3 hestar og det siste døgnet har jammen desse 3 klart å tømme innpå 130liter! Akkurat DET håpar eg er ein eingongshendelse...*gulp*.
Så har vi 3 hundar som skal ha vatn (ikkje ekstreme mengder, då, men alle bekkar små osv.), kanin som skal ha vatn og oss sjølve med klesvask, dusjing, drikking, dobesøk m.m. Blir nokre liter i døgnet. Når ein då legger på vatnskift til x-antal akvarier så seier det seg sjølv at eit 400liters akvarie kanskje er maks av kva eg bør tenke på... Så lenge eg får fordelt vatnskiftet utover vekedagane så skal det gå bra, men tar eg alt på samme dag så vil vi nok gå tomme. Vel og merke er det kun midtvinters vi har støtt på dette problemet. Brønnen er ein tilsigsbrønn, så då blir den meir påvirka av kulde og frost enn ein grunnvatnbrønn ville ha blitt. Og, ja, ny brønn står på ønskelista...det er berre så innmari dyrt!

Ellers skjer det lite nytt, eg sit no og ventar i spenning på reke- og ancistrusyngel. Sikkert snart avtrykk av nasetippen min i 63literen...
Så sit eg her og tvinnar fingrar, armar og bein i spenning på om budet mitt på "draumeakvariet" går i boks...at ikkje folk kan forstå kor fælt det er å sitte på pinebenken slik då, mann!! Håpar på at eg i morgon kan dura avstad og få akvariet i hus. Men fryktar at budet mitt er for dårleg. Det var dette med økonomien, då...eg har strukke meg så langt eg kan akkurat no, så får eg sjå om det holder eller ikkje. Må innrømme at visst det ikkje holder så blir eg enormt skuffa, for er jammen ikkje mykje under prisantydning. Problemet er at eg alt drøymer iveg om innredning, bakgrunnar osv. Har målt opp kvar det skal stå og er VELDIG klar for å få det i hus. Gubben er til og med litt spendt, han har spurt meg ørtifjørti gangar om eg har fått svar. Og var hans idè å gå på ein liten budsjettsmell for å strekke oss langt nok (vel...så langt vi kan pr. i dag iallefall...eg er egentleg blakk for augenblunken så lever kun på godvilja til gubben her...)

Eg skal diske opp med solid tacokveld for gubben i kveld, siste kvelden vår sammen på 10 veker...(håper eg kan feire akvariekjøp også iløpet av kvelden). Det er noko drit med dette utanlandsoppholdet hans, snakk om ekteskap på sparebluss. Ja,ja, ein klarar det ein må. Kan glede meg dobbelt til jul, for då kjem ikkje berre julegåver, men gubben også!!
Arrrgh!!! Eg ventar fortsatt på svar. Og no har spenninga gått over i depping, for slik venting føler eg teiknar dårleg for budet mitt. *Kræsj* så styrtlandar draumane mine ein etter ein. Håpar fortsatt, men håpet bleiknar litt etter litt. Det dummaste er at eg har KUN mulighet til å hente det i morgon, så eg er liksom fastlåst...drit...
Har purra på no berre for å få eit ja eller nei. Nei er betre enn ingenting, for no går eg snart på veggane her! Heile tacokvelden er satt på vent og devis gått over i deppingsmiddag berre på grunn av det dumme karet. Skulle nesten ynskje eg aldri hadde sett annonsa så hadde eg sluppe å kræsjlande heile middagen i kveld...ja,ja, sånn kan det gå...
Det kommer nye kar Anka! Ha en kosekveld emd gubben nå. Nyt det mens du har sjansen. Sitter på 8 uken nå selv.... Da har du god tidtil å lete etter drømmekaret!
He,he, ja...det er sant det. Kar kjem og går. Er berre så sjelden at akkurat det eg ynskjer meg dukkar opp innan rekkevidde, og ville vore praktisk at gubben kunne hjelpe meg med å få plassert karet. Men, men, eg holder på å lage ein sein, men god tacomiddag no. Gubben er ikkje kommen i hus enda, han holder på å snekre ute, har vore ute og sagt han må komme inn ein gong men må nok ut ein gong til før eg får han i hus vil eg tru. Iveren tar overhand hos han sånn dagen før avreise.
Tilfeldig bekjentskap
© Yu-Chia Chang
Reklame for plussmedlemskap