Anka78 sin undervatnsverden. (side 3)

Då var gubben reist, det blir aldri lettare...heller verre. Eg hulka meg heimover frå Gardermoen (den militære delen) og endte heilt på avvegar takka vere den #¤&"!# gps`n! Klarte til slutt å finne igjen E6 og komme meg heim, men var på ein måte litt ok å køyre på avsides og rolege vegar når tårene strømma som verst.
Men no er eg heime, og huset følast kaldare, større og ensomare enn nokon gong (til tross for hundane sine iherdige forsøk på å støye for å fortelle meg at dei er svooooltne!!). Baki bilen står eit akvarie, kjøpt på litt i meste laget impuls...får berre håpe det er tett og heilt! Ein kamerat av gubben skal komme og hjelpe meg med å få det i hus. 150cm akvarie tar eg liksom ikkje på eiga hand...

Håpar på ein betre dag i morgon. Det meste kjem seg med ei god natts søvn og litt nytt perspektiv.
I dag har eg brukt pengar...og det begynner å gå opp for meg at akvarie kan vere ein temmeleg dyr fornøyelse til tider...
Har bestillt nye lysrør og reflektorar til 180literen (er ikkje reflektorar på den pr. i dag). Så har eg bestillt torvplater som eg skal ha i 400literen, silikon for å lime steinane, gjødselkuler og fòr til eggleggande fisk frå webzoo. Så fekk eg ånden over meg og bestillte litt ulike typar sneglar og eit hengande filter frå akvariereker. (skulle eeeegentleg kun ha filteret...men,men...)
Var også innom dyrebutikken i byen og henta meg skikkeleg lys til 63literen, det trengst sårt. Plantane oppi der sliter med kun kontorlampa, og eg vil gjerne ha riiik vekst for å få noko å hauste inn for å putte i 400literen. Himmelvid skilnad på planteveksten i 180literen og 63literen, altså.

Har vaska og testa pumpa i 400literen i dag, den summar og går som den skal. Har fjerna bakgrunnen og brukt MASSE tid på å lese her inne på forumet om bygging av akvariebord, filtertypar, bakgrunnar osv. Så i morgon er planen å kaste seg igang med bygging av akvariebord. Eg gruegledar meg!! Trur nok det innvendige filteret må få stå på plass førebels, men vil gjerne fjerne det etterkvart.
Eg håpar på å få bordet mest mogleg ferdig iløpet av helga, for allerhelst burde det vere klart til å løfte karet på plass på søndag med tanke på løftehjelpa eg må ha. Men eg får sjå, det tar den tida det tar.
Søren og...så har eg handla enda meir...må gøyme lommeboka no, for har for lengst sprengt eit alt tynnslitt budsjett. Men fant nokre plantar eg berre MÅTTE ha, og så tenkte eg det kunne vere greit med 1stk ny nitrittsvamp til 400l...og då kunne eg i samme farten kjøpe inn litt fleire svampar til 400l som eg kan ha i backup, er jo mykje billegare å kjøpe filtermateriale på nett enn i dyrebutikk...og...ja... Blir dårleg råd igjen denne månaden visst, oh, bombe. Heldigvis har eg ein del mat i frysaren så burde få til å leve billeg fram til neste lønning. (OG heldigvis får eg lønning kvar 14. dag, ikkje så dumt å dele opp litt med min økonomisans...men på neste lønning går billånet ut, så då er eg like langt, he, he)

Frå fjasing til alvor, så har eg renska filteret på 400l. Sidan det har stått tomt ei stund så er uansett alle bakteriar (iallefall dei gode) døde, så vaska grundig under rennande varmvatn. Var ein kassett med nokre slike kuler oppi, hyggeleg overraskelse for det forbetrar vel kapasiteten på filteret ein del. Men fy søren for eit skittent filter! Eg skrubba, skyllte, klemte, skrubba og spylte det eg var god for. Fekk svampane tålig reine, så no står dei i ei bøtte klar til bruk. Så gjenstår kun å vaske varmekolba før eg må begynne på skuring av kar. Var ein del algar og drit i det også...for å seie det mildt. Men varmt vatn og ein ru handduk fiksar nok den jobben (+ ein dose pågangsmot og tolmodighet). Ligger også noko gammal grus i bunnen som må ut, heldigvis kun eit veldig tynt lag som berre såvidt dekkar botn. Apropo så lurar eg veldig på om eg har nok sand til karet eller om eg må til å hente meir...vi får sjå... Trur eg har ca. 6stk 10litersbøtte med hardpakka sand. Men den er ikkje skyllt, kokt og silt enda, så vil muligens minke litt. Men har nok uansett minimum 5,5 bøtte sand, håpar det rekker for begynner å bli rimeleg hardfrosent ute...så kan bli kinkig å få opp meir sand i elva.

Men no har eg ikkje tid til å sitte her lenger. Må ut og begynne å leite fram materialen eg trenger for akvariebordet. Må kontrollmåle akvariet og så er det berre å begynne å sage iveg! Akvarieskuringa får eg sjå på til kvelden når eg er lei av å vere ute. Oi...og så må eg hugse å skifte vatn på akvariene i kveld, muligens ta ein sjekk på nitrat, amoniakk og ph fyrst. Særleg 63l har variert litt der, 180literen har vore stabil lenge så trur den tåler å stå litt til før vatnskiftet, men burde ta det i dag om eg får tid, seinast i morgon. Over ei veke sidan sist på 180l, på 63l skifta eg på mandag. Men alle virkar fornøgde og normale, så er neppe noko krise på gang.
hehe flere som blir hektet.
Mye av pengene går også her til akvarier, utstyr, mat, fisk mm...

Lykke til med sandvaskingen og byggingen av benk.

Espen
Jupp, er ganske hekta her, ja...
I dag har eg berre rota bort MASSE tid. Har leita rundt på gården etter material til akvariebordet, men enten var det veldig bøyd, eller for tynnt, for tjukt og det største problemet var at det meste av materialen var ulik tjukkelse på. Så etter å ha kasta bort halve dagen på ingenting, så dura eg inn til Gausdal Landhandel og diskuterte fyrst konstruksjonen eg ville bygge (greit å få sjekka at det er solid nok) for så å få kutta materialen opp i passande lengder for transport. Så no ligger all materialen eg trenger for å bygge bordet i bilen klar til bruk. Eg sjølv punkterte litt i sofaen, det er noko med dette å komme i gang. Akkurat no har eg liksom litt handlingslammelse, er så mange ting eg bør/må/kan gjere at eg endar med å sitte på ræva sidan eg ikkje klarar å bestemme meg for rekkefølga eg skal gjere ting i.

Var forresten også på Europris og fekk tak i ei firkanta "murerbalje" som tar 90l. Har festa varmekolba i den og tenkte å fylle opp vatn med hageslangen til vatnskiftet på 180l i morgon. Må prøve å ha jamn temperatur for å unngå å ta knekken på ancistrus yngelen som eg håpar fortsatt er i trerota. Dei er ikkje kommen ut enda, men det burde ikkje vere lenge til dei begynner å komme ut no.
Har forresten gjort NOKO i dag, då. Måtte rydde under låvebrua der saga står, for gubben kasta berre ifrå seg tingene når han reiste. Altså var det bomba med masse materialer, kutt, verktøy, spikrar, skruar osv. Eg vassa i rot! Men no er det ryddig og fint, og mykje meir fristande å jobbe der. Det er igrunnen litt typisk...når gubben reiser så brukar eg ei god veke på å få rydda opp hus og heim igjen etter han...tidenes rotekopp! Men det er godt å ha noko å gjere for å skyve bort nokre av tankane.
Anka78
Jupp, er ganske hekta her, ja... I dag har eg berre rota bort MASSE tid. Har leita rundt på gården etter material til akvariebordet, men enten var det veldig bøyd, ellerfor tynnt, for tjukt og det største problemet var at det meste av materialen var ulik tjukkelse på. Så etter å ha kasta bort halve dagen på ingenting, så dura eg inn til Gausdal Landhandel og diskuterte fyrst konstruksjonen eg ville bygge (greit å få sjekka at det er solid nok) for så å få kutta materialen opp i passande lengder for transport. Så no ligger all materialen eg trenger for å bygge bordet i bilen klar til bruk. Eg sjølv punkterte litt i sofaen, det er noko med dette å komme i gang. Akkurat no har eg liksom litt handlingslammelse, er så mange ting eg bør/må/kan gjere at eg endar med å sitte på ræva sidan eg ikkje klarar å bestemme meg for rekkefølga eg skal gjere ting i. Var forresten også på Europris og fekk tak i ei firkanta "murerbalje" som tar 90l. Har festa varmekolba i den og tenkte å fylle opp vatn med hageslangen til vatnskiftet på 180l i morgon. Må prøve å ha jamn temperatur for å unngå å ta knekken på ancistrus yngelen som eg håpar fortsatt er i trerota. Dei er ikkje kommen ut enda, men det burde ikkje vere lenge til dei begynner å komme ut no. Har forresten gjort NOKO i dag, då. Måtte rydde under låvebrua der saga står, for gubben kasta berre ifrå seg tingene når han reiste. Altså var det bomba med masse materialer, kutt, verktøy, spikrar, skruar osv. Eg vassa i rot! Men no er det ryddig og fint, og mykje meir fristande å jobbe der. [B]Det er igrunnen litt typisk...når gubben reiser så brukar eg ei god veke på å få rydda opp hus og heim igjen etter kan...tidenes rotekopp! Men det er godt å ha noko å gjere for å skyve bort nokre av tankane[/B].



Kjenner meg så igjen her. Hver gang Radek er borte kommer det et nytt kar i hus :-P

Snakket med han i stad. Han har nå vært vekk i 8uker, kommer hjem mandag (Jeg drar ned på besøk/AquaArk treffet) og onsdag blir han sendt et annet sted.

Hvor er det mannen din er?
Mannen min er i Afghanistan, så her er det ingen mulighetar for besøk før han kjem heim rundt jul. Han kjem ikkje heim "for godt" før i slutten av juli neste år, og det er ikkje noko særleg å tenke på. Fram til då kjem han heim 14 dagar i slengen, er vel 3 gangar vi har igjen no fram til juli.
Eg har jo rikeleg å halde på med her heime med 3 hundar, 3 hestar og ei kanin (vi hadde 2stk, men den eine stakk av og vi har ikkje funne den igjen). Men er likevel tomt og stille. Når eg i tillegg er mørkredd OG husredd så er jo dette gøyalt.
Så akvariehobbyen trur eg kan hjelpe meg ein del på dei ensomme, laaange kveldane eg har. Går også sjukemeldt for tida p.g.a senebetennelse i armane og det er jo berre kjempekjedeleg!! Skikkeleg dritlei av å gå heime å slenge (vore sjukemeldt i 5 veker no, og er vidare sjukemeldt til 1.november...sukk...). P.g.a armane så går også ALT i sakte tempo. Går til fysioterapi 2 gongar i veka og kjennast som om det hjelper litt. Blir gradvis litt meir eg kan gjere føler eg.

Men nok om meg, no har eg endeleg fått skifta vatn i 63l, 180literen trur eg må vente til i kveld. Skal til fysio kl. 11 og før det må hestane få mat og vatn, fjerne møkk og hundane må få lufta seg. Tenkte også å få bært ut materialen av bilen, kanskje få trelimen i hus så den ikkje er fryst når eg skal begynne å snekre. Tenkte muligens å dure til Gjøvik på akvariebutikken der, men er litt bekymra for om det er lurt...kontoen har jammen skrumpa dei siste dagane! Tanken var å stikke på Clas Ohlson for å leite etter ting eg trenger til bygginga også...eg får sjå. Er spendt på kor mykje/lite eg får gjort i dag...
Eg fekk endeleg skifta vatn på 180l i kveld. Fekk litt angstanfall då gull guramien tørna totalt i akvariet! Han vrei seg, svømte veldig rart og styra veldig på. Eg var sikker på at NO er fisken forgifta fordi eg har venta forlenge med å skifte vatn...det var DEN guramien...*hulk*. Men eg skifta vatn lynkjapt og gullguramien lever fortsatt og virkar heilt normal... Har i ettertid lurt på om han rett og slett skvatt og fekk nervøst samanbrot? Eg kom ganske fort inn i rommet med 3 svarte og ivrige hundar. Fiskane var borti flyteplantane og kom pilande fram i hundreogpølse rett før gullguramien "tørna". Vel, eg skal no følge litt ekstra med framover.

Så oppdaga eg 2 ancistrusynglar! Dei var egentleg ganske store, og klin like pappa-ancistrus (mørke) så er ikkje så sikker på at det var desse eg såg med plommesekk for ei veke sidan. Dei eg såg var gule (slik som mamma-ancistrusane) og bittesmå. No veit eg ikkje kor fort desse vokser og "skiftar fargar" men dei eg såg i dag var omtrent ein cm lange, trur eg, eller litt i underkant kanskje. Eg kasta meg på yngel jakt og klarte å få fanga begge og hadde dei over i rekekaret. Guramiene var nemleg litt for ivrige på å følge etter yngelen når dei svømte rundt. No håpar eg på at eg skal klare å få fanga dei andre etterkvart og at dei kan leve opp i rekekaret. Ancistrus hannen ligger fortsatt i trerota og viftar, så er nok meir egg/yngel på veg framover.

Fekk også slengt på dei nye reflektorane som kom i posten i dag + skifta det eine lysrøret....du steike ta for ein skilnad det vart! Det andre lysrøret ventar eg ei stund med å skifte.
Fekk gaffelmose i posten også, den vart grundig skyllt i plastkaret før eg la litt i kvart akvarie. Eg har planar for denne mosen, men førebels skal den få vere flytemose og gro iveg.
Åh, ARRRGHH altså!! Oppdaga at eg har MINST 1 ancistrus yngel inni det innebygde juwel filteret...innmari enkelt å få han ut igjen derifrå, då...NOT! Søren ta...han kan jo ikkje vokse opp der? Blir vel grilla av varmekolba ved neste vatnbytte, kan eg tenke meg. Er temmeleg varmt inni filteret når varmekolba startar opp for fullt for å varme opp vatnet. Sjølv om eg røskar ut alt oppi der, så tvilar eg sterkt på at eg klarar å få tak i denne lille, lynkjappe fyren. (så sant han ikkje gøymer seg i svampane...*håpe*) Men får vel gjere eit forsøk eller to. Skal inn på dyrebutikken og hente eit lysrør til 63l no, får sjå om dei har liten nok håv til at eg kjem nedi filteret.

Dei to ynglane eg flytta over i 63l i går kveld har eg ikkje sett snurten av i dag. Håper verkeleg dei lever og har det bra! Iallefall rikeleg med alge-mat oppi det karet, så burde klare seg fint utan nemnverdig fòring. Eg slenger inn agurk ein gong iblandt også i håp om at yngelen smakar litt på den.
da jeg fikk yngel oppi filteret på min 63 liter. Tok jeg en liten hov og lot den ligge litt oppi der. Yngelet svømte oppi selv. en annen ting jeg har brukt er slike store kaffeskjeer du får gratis på butikken. Yngel finne trygghet i bunnen av slike. hehe

Lykke til.

Ut i sola nå. Tata
Ja, eg prøvde meg på det. Men enten var eg for utolmodig eller så var yngelen for smart...
Uansett så har eg no vore på fisketur! Starta med å kjøpe meg 2stk minihåvar som faktisk fekk plass nedi filteret. Så fanga eg den eine yngelen ved hjelp av å nærmast dytte han oppi håven. Men resten var verre, for dei var langt nedi filteret, og filteret er jo 40-50cm djupt + at det er innmari trangt nedi der. Etter litt tenking og fundering så leita eg fram slangen eg brukar ved vatnskifte, drog fram 90l baljen og begynnte å "støvsuge" nedi filteret. Fyrste fangsten var på 1stk yngel...jøss, det funka jo! Fanga inn yngelen, putta han i 63l og tømte vatnet tilbake i 180l. Lyste nedi med lommelykta, og joda...var fleire nedi der, ja. Ny støvsugingsrunde og belønninga var enda ein yngel. No trudde eg egentleg eg var ferdig, men etter ein nøye kikk nedi filteret så såg eg at det var nok fleire der nedi...*sukk*...ny støvsugingsrunde og denne gongen vart det jackpot! 3 ynglar låg og svømte i baljen! No klarte eg ikkje å sjå fleire nedi filteret, men tenkte eg måtte sjekke akvariet også. Kanskje hadde nokon stukke av når eg begynnte å romstere nedi med slangen. Og ganske riktig, under rota til "papsen" var det ein enslig yngel til. Så no har eg totalt 10stk ancistrus ynglar svømmande...eh...sugande i 63literen! Og papsen ligger fortsatt inni rota, så eg må nok forvente fleire etterkvart... Hadde eg berre funne ein måte å yngelsikre filteret på så hadde det vore så mykje lettare.

Har også snekra eit "stativ" til lyset på 63l. Lyset passa ikkje nedpå aluminiumsramma, så då juksar vi til med litt treverk. Herleg å ENDELEG ha fått skikkeleg lys i 63l, kanskje plantane livnar litt til igjen no? Kryssar fingrar for det!
Eg var veldig fornøgd i går, då eg trudde eg hadde fanga dei fleste av yngelen. Seint i går kveld oppdaga eg fleire småtroll inne hos pappa ancistrus, såg iallefall 2stk inni trerota. No nettopp sjekka eg pumpa...og kva ser eg? Jo inni der svømmer det 2 lykkelege ancistrus yngel og gumlar...det innebygde filteret blir iallefall litt renska for algar om ikkje anna...sukk. Så blir nok ny fisketur i kveld med slangen. Kan jo vere fleire lenger nedi for det eg veit.
Yngelen i 63l ser ut til å ha det bra. Såg kun 3stk no nettopp, dei hang på ruta og smatta iveg. Kor resten er aner eg ikkje, er mange gøymestadar der inne. Catappablader på bunnen, steinar, trerot, div. plantar osv. Rekene virkar som om dei ikkje bryr seg med dei nye innbuggarane. Dei svømmer rundt og renskar på mose og plantar som vanleg. Minst 3 av hoene bærer på egg under magen og eg sprekker snart av nysgjerrighet på kortid det kjem rekebabyar! No har fleire av dei hatt egg i ca. 3 veker, siste veka har dei hatt eggene under magen. Ei lita veke til, kanskje? Nokre av dei hadde jo egg når dei kom til meg, så aner ikkje kor lenge dei har hatt eggene totalt. Meiner eg har lest at dei går med egg i 3-4 veker, og isåfall burde ting skje ganske snart. Visst det var 4-5veker så må eg vel vente litt til...U-T-O-L-M-O-D-I-G!!
Kanskje du kan tre en nylonstrømpe over innsuget og feste denne med gummistrikk? Eller ofre en håv? Funka fint da jeg måtte yngelsikre mitt filter.
Problemet er at på dei innebygde juwel filterene så er det nokre rister nede og oppe som suger inn vatnet. Og sidan heile filteret er silikonert fast på to sider så går det neppe å tre nylonstrømpe over. Eg har tredd nylonstrømpe på det innvendige filteret i 63l, for der har eg eit Fluval 2+ filter. Muligens kunne eg prøvd å feste ein blåsvamp over desse ristene, men veit ikkje riktig korleis eg skal feste dei. Er kjempetrangt ved det nederste innsuget, og det ligger heil nede ved sanden omtrent. Er nok der yngelen kjem inn, for trerota ligger like ved. Det andre innsuget ligger heilt oppe ved vatnflata, der er det nok enklare å gjere noko. Men korleis få ein evt. blåsvamp til å sitte...nei det aner eg ikkje. Kan ikkje godt lime den fast heller.

Men medan eg skreiv dette så slo det meg at eg kanskje kan klare å kile fast blåsvamp på innsida av innsugingsrista nederst. Problemet er å hindre at den flyter opp. Men varmekolba står nedi der, kanskje den kan brukast til å halde svampen nede... Må iallefall tappe karet ganske langt ned for å få til dette + at eg må få ut yngelen som er der i dag fyrst. Får kikke på dette i kveld når eg skal prøve å støvsuge opp siste ynglane. Hadde iallefall vore herleg å sleppe styret med å fiske ut yngel av filteret, vanskeleg nok å fange dei i akvariet som det er.
Lykke til iallefall! Det burde gå an å få til noe tilslutt=)
Tenkte det var på tide med litt bileter igjen. Ikkje den beste tida å ta bileter på igrunnen då eg har veldig grumsete vatn no. Årsaka er litt prøving og feiling med gaffelmose. I tillegg tenkte eg sjølvsagt ikkje på å renske glasene før fotografering...ja,ja, men eg vil no gjerne vise nokre bileter frå kveldens hendelsar i akvariene.

Vi startar med sneglane i 63l. Den eine var ei skikkeleg klatremus i kveld og skulle prøve seg på dei utrulegaste akrobatiske øvelsar. Om dere ser godt på det eine biletet, så ser dere at han til og med har med seg ein stuntryttar! Ein liten ancistrus-yngel haikar, men feiga ut og flykta til glaset når sneglen til slutt deisa i bakken.
Pappa ancistrus er ein ganske flott kar som ikkje er så enkel å fotografere. For å få bileter av han så må eg sitte dønn iro med kameraet klart og visst eg må bevege meg så må det gå i saaaakte bevegelse. Bevegar eg meg LITT for fort så pilar han inn i rota og gøymer seg. Det faktum at han er ein del ute av rota no får meg til å tru at yngel-ruginga er over for denne gongen. Resultatet vart 13-14yngel i 63l og rundt 10 i 180l. (har ikkje eksakt tal då eg ikkje aner kor mange som er i filteret, men har sett minst 6-7stk iallefall).
Det nederste biletet viser 2 av yngelen som sit på ruta i 63l og smattar iveg.
Så må eg vise fram dei flotte rekene mine frå 63l.
Og til slutt eit lite bilete av dvergguramien i 180l. Han er ganske vakker han også, men ein liten hissigpropp som stadig må nappe litt i dei andre guramiene.
No har eg hatt nokre tøffe dagar både psykisk og fysisk. Eg går jo for tida sjukemeldt og var på tysdag til mitt andre IA møte. Frå fyrste setning vart sagt så vart eg råda av alle fire som var tilstades på møtet om å slutte, søke ny jobb osv. I ca. 40min satt eg forand desse fire forholdsvis ukjente personane og vart "grilla" om korvidt eg såg for meg framtida der, om eg hadde begynnt å søke jobb, om det var noko poeng i at eg kom tilbake på jobb osv. Det føltes vel som om eg var temmeleg lite velkommen tilbake på jobb og slikt er tungt å få servert så direkte av så mange over såpassa lang tid. Eg var totalt utslitt etterpå og hadde mest lyst til å kun ligge og hulke resten av dagen.

På onsdag var eg til fysioterapauten min og hadde ein lang samtale om meg, kroppen min, problemene mine og behandlinga framover. Ikkje så veldig oppløftande det heller, men der var det iallefall lys i tunnellen og ein enorm forståelse for min situasjon. (samt ein smule sjokk over ia møtet eg hadde vore i...)
Veldig kort fortalt så sliter eg med senebetennelse som ikkje vil sleppe taket i særleg eine armen. Men i tillegg går eg visstnok i konstant negativt stress og er rimeleg øm og "klumpete" i rygg, nakke og skuldrar. ("klumpete" av div. muskelknutar m.m) Mykje av dette kjem då sjølvsagt av stress, men også av følelsar. Dårleg samvittighet og tristhet/sorg er ein vinnar, og der hjelper iallefall ikkje jobben til for tida. Ifølge fysioterapauten vil eg bli bra, men det vil ta tid og vere smertefullt. Eg må rekne med å bli dårlegare dei 3-4 fyrste vekene. Men så lenge eg veit eg kan bli bra så vil eg halde ut mykje. Sidan jobben min tydelegvis ikkje vil ha meg tilbake så skal eg også ut og aktivt søke ny jobb framover. Nav skal besøkast og alle nettsider blir sjekka dagleg. Eg var kjempegira på å komme tilbake på jobb snarast mogleg heilt fram til tysdag. No må eg seie at det plutseleg ikkje fristar så mykje å gå tilbake i jobb lenger. Eg føler eg får skulande auger som kjem til å følge meg nøye og med missnøye om eg kjem tilbake...
Alt arbeid med akvariebenken har stått stille no grunna alt dette ++, men eg har til gjengjeld fått tid til å tenke ut ein del smarte løysingar og målene nøye. Så no veit eg veldig mykje korleis eg skal gjere det, det er berre å samle energi og sette igang. (eg var jo også på behandling på onsdag, så er ganske mørbanka i kroppen enda etter det)

Ellers har alle fiskane, rekene og sneglane det bra, men eg har nok drøya vatnbyttene litt i lengste laget no grunna forma mi. Ser ikkje ut som nokon lider nokon nød av den grunn, men eg kjenner eg er meir nervøs når eg drøyer det slik. (og no er det ikkje snakk om masse drøying, då, er under ei veke sidan eg bytta på begge akvariene. Kun eg som er litt nervøs p.g.a yngelen)
Då har eg hatt ny yngelstøvsuging i 180l. Fekk jammen tak i ein del, og har no sikra det innvendige filteret så godt eg klarar. Er fortsatt nokre yngel igjen oppi akvariet, men orka ikkje å endevende alle steinar og røtter. Så dei siste skal få vere der dei er. Enten voser dei opp eller så blir dei gurami lunsj...vi får sjå...

Så i 63l svømmer det no rundt 31 ancistrus yngel! Ikkje verst for fyrste kullet hos meg syns eg. Blir spennande å sjå om desse overlever og vokser opp til flotte ancistrus. Tenkte å bytte nokre i dyrebutikken visst det går. Skal også ha nokre ancistrusar i storkaret etterkvart. Totalt er det mellom 35 og 40 ancistrus i dette aller fyrste kullet. Trur 35stk er nærmast, men syns det er ein bra gjeng. Hannen driver og jagar rundt på hoene no, så ser ikkje bort ifrå at det er nytt kull på gang om nokre dagar...vi får sjå. Han dreiv slik rett før det vart egg sist, så...
Tilfeldig bekjentskap
© Håvard Støre Andresen
Reklame for plussmedlemskap