Anka78 sin undervatnsverden. (side 6)

Legger ut nokre bileter.
Bilde 1: har bygd ny benk til 73l og 63l. No står dei i "to etasjer" ganske fornøgd med byggverket.

Bilde 2 og 3: Kongotetraene mine.
Meir kongotetra.
Bilde 1 viser ei vakker, lita hoe.
Bilde 2 og 3 er av hannane (med hoer i bakgrunnen)
Så avsluttar eg med nokre "ikkje akvarie" bilder.
Bilde 1: Ein av mange besøkande på altanen vår no vinterstid.
Bilde 2: Hundane våre, ein herleg trio! Bakerst Pan på 13,5år, framme pelsdotten Basse på 3,5år og mor til Basse, Fixi på 9,5år. Og alle 3 er like gærne og spreke, det er gøy!
Bilde 3: Ein av mange fantastiske soloppgangar her oppe. Bilde er tatt frå altanen vår.
Etter litt kjapp rekning gjekk det opp for meg at "760l med galskap" ikkje lenger var ein passande overskrift. No er eg oppe i 836l, og sidan det er stooooor fare for at mengde liter vil variere framover også så tenkte eg at eg like godt kunne skifte overskrifta til noko meir varig.

Ellers har det også gått opp for meg at livet utan ancistrus kanskje ikkje er så stas lenger. Har innmari mykje grønske på steinane i nokre av akvariene, så då spørs det om eg må anskaffe ancistrus igjen. Litt blanda følelser for det der, spesiellt sidan gule ancistrus er så vanskelig å få tak i. (savner dei to store gule hoene mine...*sukk*) Men får sjå kva eg finner ut / kjem over etterkvart.
Kanskje være litt forsiktig med å blande hoer og hanner framover så eg ikkje får samme problem som i fjor der eg måtte levere inn ei heil bøtte full med ancistrus til ein noko motvillig dyrebutikk... Då hadde eg vel 30-40 ancistrus i varierande størrelsar. Gjekk litt lei då, liksom...
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap