Dag atle sin akvarietråd

Denne tråden kjem ikkje til å bli den mest innhaldsrike Den handlar primært om å dokumentere endringar i vannkvalitet basert på uttesting av catappablader. Planen er å teste ut desse bladene mtp å senke PH til ca 6 og oppnå blackwatereffekt.

I starten tester eg PH, GH, KH og nitritt relativt ofte då eg ikkje har oversikt over kor fort endringane kan komme. Etterkvart som ting stabiliserer seg vil testfrekvensen naturlig nok gå ned

Eg måler KH fordi låg KH kan føre til meir ustabile PH verdiar. Skulle KH synke må eg auke frekvensen på PH testinga. Etterkvart som PH nærmar seg 6 skal jo KH uansett ikkje ligge på meir enn 1-2 då høgare KH verdiar indikerer overmetning av CO2 i vatnet.

GH måles mest av rein nyskjerrigheit. Eg anar ikkje korleis lågare PH verdiar (eller catappablader generelt) vil påverke GH men igomed at fiskane mine liker seg best i relativt blautt vatn så er det jo i alles interesse at GH ligg stabilt på 5-6.

Før eksperiementet byrjar så fjerna eg karbonmediet i filteret mitt for at dette ikkje skal redusere effekten av catappabladene. Eg kjem heller ikkje til å tilføre "aquasafe" eller liknande ved framtidige vannbytter.
Dag 1
Før eg la i bladene målte eg følgande verdiar:
PH: 7,5
GH: 6
KH: 4
Nitritt: mindre enn 0,05 ppm

La deretter tre catappablader i tanken og eksperimentet er igang!
Planen er å la dei tre bladene ligg i ca ei veke for deretter å vurdere korvidt eg skal legge i fleire (basert på vannverdiar og fargen på vatnet i tanken)
Dag 2
PH: 7
GH: 6
KH: 5
Nitritt: mindre enn 0,05 ppm
Dag 4
Bytta 30L
Ingen endring i vannfargen

PH: 7,5
GH: 5
KH: 5
Nitritt: mindre enn 0,05 ppm
Dag 7
Ingen endringar i vannverdiar dei siste dagane. Begynte å tilsette flytande CO2 på dag 6. Er usikker på effekten av dette men dagens måling viser nedgang i KH på 0,5. i teorien skal jo dette kunne påverke PH.

Då hverken vannverdiar eller farge har endra seg så må må det sterkare lut til (ikkje bokstavleg talt). Går difor igang med å lage catappaekstrakt i kveld. Får sjå om eg venter til i morgon med å tilsette ekstraktet. Kjem til å behalde dei tre bladene eg allereie har i tanken.
Dag 10
Tilsatte igår Catappaekstrakt. Kokte opp tre liter vatn med sju blad og lot det koke ein halvtimes tid. Etter at temperaturen var ok helte eg alt i tanken. Fargen på vatnet vart kjempebra men då eg målte vannverdiar i dag var det ingen endring. Kokte difor opp meir ekstrakt i dag (to liter med fire blad) som eg skal helle i tanken i samband med vannbytte (30L). Om fargen blir endå mørkere så gjer det eigentleg ingenting.

Må diverre medisinere mot sopp/finneråte men håpar at eSHa 2000 og 0,2% salt ikkje påvirker vannverdiane slik at eksperimentet mitt går fyken
Oppsummering
Har dei to siste vekene hellt oppi stadig større doser med Catappaekstrakt. Fargen er nydeleg men effekten på PH verdien let vente på seg. Målte PH på sjølve ekstraktet til 5,5 men då eg er usikker på i kva grad brunfargen påverkar fargen på PH testen (Red Sea dråpetest) så tek eg dette med ei klype salt (ikkje bokstavleg!).

Prøvde å få tak i eikebarkekstrakt men dette viser seg vanskelig. "Alle" butikkar er utselde og avventer bestilling frå Tyskland. Eg har no gått over til pulverbasert PH buffer og satser på å senke PH til 6,5 over ein to-vekers periode. Er spent på i kva grad pulveret vil påverke algeveksten då dette mest truleg inneheld "algemat". Den som lever får sjå

Eg kjem forresten til å fortsette med Catappaekstrakt då blackwater effekten er særs tiltalande i tillegg til dei andre fordelane Catappa gir.
Tilfeldig bekjentskap
© Ariel Bornstein
Reklame for plussmedlemskap