Juwel pumpe som ikkje vil starte og å reise bort...

Ja, juwel pumpa i eine akvariet mitt er begynnt å bli lunefull. Eg mistenker at det er noko med ledningen som ikkje er 100%. Problemet er at kvar gong eg stoppar den (vatnskifte eller straumstopp) så må eg "riste" den igang igjen. Den durar svakt når eg setter i stikkontakta, men klarar ikkje å pumpe. Etter å ha rista, dunka og styra ei stund så hostar den seg igang igjen. Men dette er jo temmeleg skummelt. Det hender at straumen går her oppe i ny og ne vinterstid. Ikkje lenge, men små opphold skjer. Seinast skjedde dette i forrige veke, midt på natta. Om morgonen måtte eg inn og riste liv i denne pumpa igjen og håpe på at det gjekk bra med filterbakteriar og fisk.
Eg har bestillt ny pumpe, men ser ikkje ut til at den kjem på ei stund enda. Eg fekk beskjed om at pakken var klar til sending 30.11, men når eg sjekkar sendingsnummeret har den enda ikkje blitt innlevert posten...står at det kun er registrert at det skal komme ein pakke...arrrgh! På fredag reiser eg bort 4-5 dagar og akvariene må klare seg sjølv denne perioden. I utgangspunktet null problem, men om straumen går eller denne dumme pumpa plutseleg takkar for seg så ryker masse sneglar, nokre reker, nokre guramier, ancistrus og kuhliålar. Eg har vurdert å flytte fisken over i 400l medan eg er borte. Men 400l vart kickstarta for 14 dagar sidan, så eg tørr ikkje å belaste det for mykje for fort. Iallefall ikkje når eg skal bort. Eg har i utgangspunktet ingen til å sjå etter akvariene denne perioden, men muligens kan eg spørre fint om naboen orkar å ta ein kikk inn i ny og ne. (han skal stelle hestane)

Men kva ville dere ha gjort? Ser ikkje ut til å vere spesiellt enkelt å få tak i juwel pumpe her i området, så er liksom nettet som er tingen. Og når det no kun er 3-4 dagar til eg reiser så rekker eg ikkje å få tak i ny pumpe så sant ikkje den eg har bestillt plutseleg dukkar opp. *krysse alt eg har å krysse med!*
Og eit bi-spørsmål, korleis ville dere lagt opp fòring i 63l med yngel medan eg er borte? Er weekendfòr noko å tenke på? Evt. montere opp fòringsautomat? Putte oppi ein stor agurkbit? Det er snakk om 30-40 ancistrusyngel på ca. 9 vekers alder, er også reker i akvariet. Hmmm, kanskje naboen blir nødt til å fòre litt medan eg er borte...får legge meg på kne og be fint...
Hei, det der skjer ofte med meg også-> During uten at rotor roterer.
Rotor har da sansynligvis satt seg fast.
Her er hva jeg gjør: Jeg demonterer pumpa slik at jeg får tilgang på rotoren, påsetter spenning og snurrer rotor rundt med en penn e.l, da går den igjen som før.
Mulig eg må ha dette inn med teskje...
Korleis demonterar eg pumpa? Meiner du at du kun demonterar den, setter i stikkontakta, snurrar rundt med ein penn og så er den iorden igjen? Eller må du gjere meir? F.eks vaske/rense eller liknande? Er så redd for å øydelegge pumpa, for då har eg VERKELEG eit stort problem her...
enkel å ta fra hverandre,må nok gjøre ren impelleren og impellerhuset, er der problemet er som regel, full av møkk. Ta propellen forsiktig ut og skyll den godt, impellerhuset gjør du rent med en q-tips
Støtter Sarpingens innlegg, dette er en ganske enkel prosedyre.
Når du monterer den igjen, sørg for å ha spenningssatt pumpa mens du fortsatt har innsyn til propellen, og sjekk at denne går rundt. Gjør den ikke det, snurr den igang med f.eks en penn e.l
Ok, tusen takk for god hjelp.
Eg får prøve på dette og sjå om eg kanskje får pumpa "god som ny".
Tilfeldig bekjentskap
© per gunnar stenersæter
Reklame for plussmedlemskap