Vi har hatt Elin, værålen vår sidan 2004, og det er ein hardfør, morsom fisk som vi ser mykje til. Den har lange tentaklar ved munnen som den brukar til å rote i sanda med på same vis som corydoras, og lever i stor grad av små organismar som den finn der. Den finn også mat ved å filtrere sanda gjennom gjellelokka. Det er viktig å ikkje ha grus med skarpe kantar som substrat, då dette vil øydeleggja tentaklane.
Elin har aldri vore aggressiv og tvilar sterkt på at den vil gå til åtak på andre fisk.