Tina & christers zooshi

No, når vi endelig har fått oss eit kar vi er sikkelige fornøgde med, fann vi ut at vi ville starte opp vår eigen personlige akvarietråd. *så kjekt* Akvariet vårt har gått no i ca 2 måndar og det er både pent og livlig oppi der.

Vi kjøpte eit 600 liters akvastabil akvarie rett for jul ein gong, men det blei ståande tomt fram til januar. Sidan vi ville "starte på nytt", solgte vi nesten alle fiskane vi hadde i 325 literen vår. Dei fiskane vi endte opp med å beholde var palettciklidene, glassmallene, ancistrusane, pansermallene og to siamesiske algespisarar.

På grunn av at penger ikkje vokser på trær (uturleg nok) og fordi det er litt morro å lage ting sjølv, bestemte vi oss for å lage vår eigen bakgrunn i isopor. Dette har vi gjort ein gong før, men den bakgrunnen blei aldri tatt i bruk.

Så var det ein heil haug søking på nettet før det blei innkjøp av isoporplater og maling. Ein kan trygt sei at HEILE badet og store delar av leiligheita blei nedstøva av isoporkuler. Opp langs vekkar. Inne i alle krokar. Ja, til og med i taket var det isopor. Er sikker på at det ligger ein del isopor igjen i leiligheita framleis. Så etter tilskjæring og "forsegling" med varmepistol malte vi bakgrunnane med akrylmaling. Blei ikkje 100% fornøgd med malinga, men det fekk berre vere. (Då har ein lært til neste gong).

Bakgrunnane blei så limt fast til akvariet med akvariumsilikon. Og heldigvis fann vi noko informasjon på nettet der det stod at malingen må vannast ut. Så vi lot bakgrunnane stå i vatn i eit par dagar før noko anna kom oppi karet. Og godt var det, for ein kan sei at vatnet blei ganske så grått.

Alt i alt blei vi ganske fornøyd med resultatet.
Gratulerer
Hei.
Var en nydelig bakgrunn dere har laget.
Hvilke fisker er det som skal få være med de resterende? Noen planer?

Espen
Første oppsett
Vi har vell endra litt på innredninga i karet vårt heile vegen. Første oppsett var eit relativt enkelt oppsett.

Som bakgrunn hadde vi dei heimelaga bakgrunnane og vi malte baksida av karet med akrylmaling. Det gjekk frå svart (nederst) og gradvis over til blått (øverst). Til bunnsubstrat kjøpte vi rådasand, men klarte å feilberekne dette litt. Så vi kjøpte 3 sekkar à 25kg og endte opp med å bruka ca 1 og 1/2 sekk. Det har kanskje med at sjølv om karet er 600 liter, så er det berre 1.5m i bredden *no har vi i alle fall eit godt lager med sand*

Sidan ciklidene er så glad i kokosnøtthuler ynskja vi å setje inn nokon slike også. Så vi kjøpte oss eit par-tre kokosnøtter. (Bedre å kjøpe for 10kr i butikken enn å betale ein 4dobbel pris i dyrebutikken!). Vi tømde nøttene for melk og sagde dei i to. For å gjere det lettare å fjerne kjøttet kokte vi nøttene først, dette hjalp faktisk veldig mykje. Vi ynskja å gjere noko anderledes med nøttene, så vi dekte dei med akvariesilikon og dyppa dei i rådasand. På denne måten gjekk kokosnøtthulene i eitt med bunnsubstratet.

Det var også nokre få, lange planter som følgde med karet som vi lot bli i karet. Av røtter hadde vi ei redmoor rot (nokon som har fleire til salgs, så ta kontakt).

Då vi skulle flytta fiskane over fra 325 literen var vi litt skeptiske, dette fordi Palettciklidene våras nett hadde fått ein heil bunsj med yngel for ei stund tilbake. Det var dog ein del mindre når vi skulle flytta dei, då vi hadde hatt ein del glupske fiskar i karet (blant anna nokre Tilapia Buttikoferi). Vi telde omlag 10stk Palett-babyar. For å klare å fange alle saman, tappa vi vatnet ned så mykje som mogleg. På denne måten gjekk greitt å flytte både yngel og foreldre, sjølv om vi trur begge partar blei ganske så stressa.
Tusen takk for det Espen. Vi har allerede fått ein del ny fisk... Plant anna fleire ciklider og rødmunnstetra. Du kan sjå kva fiskar vi har her: http://akvaforum.no/akvarium.cfm?id=15850

Planen var i begynnelsen å ha kun søramerikanske fiskar, med hovudvekt på ciklider. Dvs at vi skulle kvitte oss med både algespisarane og glassmallene, men slik blei det ikkje. Og vi har no eit lett blanding i staden for =)
Som nemt over har karet endra seg litt heile vegen. Vi fann ganske tideleg ut at vi ynskja litt fleire planter i karet. Frå før hadde vi nokre Anubias som var festa på bakgrunnen og nokre lange Vallisneria (er ikkje sikker på typen). Så då drog vi å kjøpte oss ein god del nye planter. Vi plukka ut nokre Sverdplanter? og ein del gressplanter. Vi håper på å gro ein liten plen, men tviler på dette då vi ikkje har noko ekstra tilførsel av CO2.

I tillegg til dei fiskane vi hadde frå før kjøpte vi inn ein liten stim med rødmunnstetra, då vi har høyrd at rødmunnstetraen skal vere ein ypperlig stimar. Dessuten er det ein utruleg vakker stimfisk. Det skal seiast at dei stimer mykje betre enn neontetrane, men eg skulle framleis ynskje at dei stima endå litt bedre. Kanskje det kjem seg når stimen blir større...
Lavastein
Som sagt så har vi forandra innredninga heile vegen. Vi prøvde også med eikeblader, siden ciklidene skal like dette så godt. Men vi fant fort ut at dette gav eit ganske rotete uttrykk. Dei nye plantene virka også ganske rotete og overveldane.

Men no har vi endelig komen fram til eit oppsett vi er meget fornøgde med, og vi rekne med at vi kjem til å ha det slik no framover. Før vi satt opp 600 literen vurderte vi å innreda heile bakgrunnen med lavastein. Men denne tanken falt bort då vi laga bakgrunn sjølv og den tok ganske stor plass. Men då dei solgde ein kasse med lavastein på Midtun Zoo fant vi ut at vi kunne prøve å innrede med lavastein.

Vi tappa vatn ut av karet, ca halvparten. På denne måten blei det lettare å innreda. Då vi skulle fjerne alt eikeløvet såg vi plutseleg ein del små ancistrus yngel. Kanskje det virkelig er yngelgaranti på mallehulene...for vi har nettopp satt inn 2 mallehuler og vips så dukker det opp yngel.

Før vi satt inn lavasteinane festa vi på litt mose her og der. Så vi håper på at mosen skal voksa seg utover og det at det skal bli sikkelig stilig. Planten blei sjølvsagt flytta litt på. Det er framleis like mange planter i karet, men det ser ikkje lengre så rotete ut. Så no er bakgrunnen vår av isopor og lavastein. Og karet inneholder masse flotte gjemmeplassar for fiskane. Under lavasteinane har vi også plassert to mallehuler.

Vi har nett gått til innkjøp av nokre fleire fisk og så har vi bytta bort eit akvarium med ein del reker. Så i karet går det no:

- 4 Plaettciklider, der tre av dei er damer
- ein heil haug med bittesmå Palettyngel
- 5-6 "store" Plaettbabyar
- eit par Kakedueciklider
- eit par Apistogramma Viejita
- 4 Bolivianske Sommerfugl Ciklider
- 2 Siamesiske Algespisarar
- 37 Rødmunnstetra
- 12 Glassmaller
- 2 store og 4 mindre Ancistrusar,
- kanskje noke Ancistrusyngel
- 60 + blåreker

Dessverre så ser vi ikkje igjen nokon av ancistrusynglane. Merkelig nok ser vi ikkje nokon av rekene heller, til tross for at vi har MINIMUM 60 reker. Kor er dåkke???
rekesnacks. Ciklidene er glade i litt snacks vettu.
Går alle ciklidene bra overens?

Espen
Black_Flys
rekesnacks. ;) Ciklidene er glade i litt snacks vettu. Går alle ciklidene bra overens? Espen
'

Ja det trur vi og, ja alle går overens endå, palettane er litt aggresive pga yngel.
Men håpe det går bra med di, ellers så får vi innvestra i nytt akvarie med tiden.
Palett yngel
Som Christer har skreve, går alle Ciklidene godt overens. Men no er alle ciklidene (bortsett frå palettane) ganske nye i karet, så tiden vil vel vise...

Palettane vår har jo også fått yngel. Frå det første "kullet" er det ca ein 5-6 stk som lever i beste velgåande. Dei har endelig blitt så store at ein kan sjå at det er ein Ciklide, det er virkelig spennande å sjå oppveksten til disse små krabatane. Føler nesten (men bare nesten) at det er mine eigne ungar. Er veldig glad for at dette kullet overlevde overgongen frå 325 literen til 600 literen.

No har vi også fått eit nytt kull. Det er virkeleg ikkje noko problem å få til oppdrett på disse ciklidane. Sand, kokosnøtt hula, ein hanne og ei ho, så har ein vel kanskje gjort det mesta? Disse ynglane begynner også å vokse til no, så då blir det ein stor stim av Palettciklider, rekner med at dei fleste blir lagt ut for salg når dei begynner å få litt size.

Det er artig å sjå kor gode foreldre Palettane er, kanskje litt kjedelig for dei andre fiskane, men slik er no ein gong livet. Palettane passe på ungane i tur og orden. Den eine jakte etter mat? mens den andre er rett i nærheten/over ynglane og vokter dei. Alle kryp som nærme seg blir raskt jaga vekt frå territoriet deira. Det virke som om dei fleste fiskane i karet har blitt klar over dette. For Palettane held seg på venste side av akvariet, og dette har ført til at dei andre fiskane for det meste held seg til høgre side. Dette er jo litt dumt, men kva kan ein gjere??
Ny innflytta
Då var det flytta inn nokon nye krabatar i vårt kar. Nærmare bestemt fire nydelige Skalarer og nokon VF cory. Dessverre har to av dei gått bort, grunnen er ukjent. Dei klarte kanskje ikkje overgangen? Heldigvis ser resten av fiskane ut til å stortrivast.

Det som er flott med Scalarene er at dei held seg for det mesta i toppsjiktet, sidan dei fleste andre fiskane vi har held seg i botn av karet. Er vel dumt å ha eit kar på 600 liter når ein ikkje utnytter heile karet....

Vi vurderer også å kvitte oss med alle Palettciklidene då dei yngler så mykje. Men vi (spesielt eg) veit ikkje om eg har lyst til dette. Hannen har blitt så stor og fin, og han har fått så fantastiske fargar. Nokon som veit korleis hannen vil trivast aleina?? Men dersom vi bestemmer oss for å fjerne Palettane, kjem vi til å behalda nokon av ynglane for å sjå dei vokse opp, spennande å sjå oppveksten på dei.
Då er det bestemt
No har vi endelig bestemt oss. Vi skal prøve å selje dei voksne palettciklidene våras. Vi har jo faktisk ganske mange ciklider i karet no, har fått inn gul dvergciklide i tillegg til dei vi hadde frå før.

Palettane våre har allerede fått to "kull" og dei to andre damene virker veldig pareklare. I tillegg til at det kjem masse yngel (som ein gong blir store) i akvariet, bruker dei så stor plass av akvariet når dei voktar ungane sine. Det er utruleg kjekt å oppleve at fiskane våras får yngel og at det går bra med yngelen, men litt kjedelig at det er med ein så vanleg fisk som Palettcikliden. Ikkje akkurat den fisken som det er vanskeligast å få yngel på nei...

Mesteparten av yngelen skal og seljast når dei blir store nok. Men trur vi kjem til å beholda nokon få av dei for å sjå dei vokse opp. Kjekt å ha ein fisk som ein har hatt heilt frå fødselen.

Vi har jo ein del andre dvergciklider i karet. Disse er av arten apistogramma. Då vi kjøpte dei fekk vi beskjed om at disse likte seg best i par. Ein hanne og ei ho. Men i følge kunnskapsbasen så skal dei aller fleste apistogramma artane ha fleire ho'ar per hanne. Så no er vi litt usikre på om vi kanskje skal skaffe oss fleire hunner til våre apistogramma hanner.

Som eg nemnte litt over, har vi nyleg fått oss eit par med Gul dvergciklide, apistogramma borelli. Då vi kjøpte disse i butikken var dei veldig mørke og med veldig lite farge. Klarte ikkje heilt å sjå at det var ein borelli før vi spurte butikkmannen. Men no når vi har fått dei i karet har dei blitt mykje flottare. Dei har endå ikkje fått det optimale fargen, men no er dei ganske små endå. Så vi gleder oss til å sjå korleis dette utvikler seg.
meget fine scalarer dere har der
Dette er rett og slett et pent kar som jeg får en god følelse av å se på! Stå på!
Pål: Tusen takk for det, vi og syns det. Gleder oss til dei blir litt større!

Alden: Tusen takk for det, setter pris på slike kjekke kommentarer =)
Home, sweet home
Det virker som om Ap. Viejita paret vårt har funnet seg til rette i karet. Dei har no funnet ei kokosnøtt heilt i hjørna av karet. Her svømmer dei ut og inn, graver ut sand og styrer på. Vi får følge nøye med og sjå om det kanskje blir noko flørting mellom disse to...
Gult er kult
Her er nokre bilder av borelli'ane våre som har fått så fin farge i forhold til då vi kjøpte dei. Hoa har fått ein aldeles nydelig gulfarge!
Flott kar, men håper på noe mer info om bakgrunnen/modulene dere har laget. Skikkelig stilig.
Ser dere bare har brukt akrylmaling og ingenting annet. Dette hadde jeg også tenkt å prøve ved neste forsøk. Dette ser ut til å funke? Hvilke farger gikk dere for?
Bakgrunnen vår!
Takk for det Bjørgvin. Meir info om bakgrunnen kan du få

Først sjekka vi litt rundt på nettet om korleis ein skulle lage ein bakgrunn til akvariet. Og kva vi trengte å kjøpe. Blei litt sjokkert då det var nokon som meinte det vart dyrare å lage sjølv enn å kjøpe. Og at ein måtte både bruke sement og husfix og det eina og det andra. Men då vi leste at nokon hadde hatt ein meget vellykka bakgrunns-prosjekt med å kun male isoporen gjekk vi for å prøve dette.

Det starta med at vi kjøpte inn to store, isoporplater, 20 tjukk. Bedre å ha litt for mykje enn litt for lite. Gløymte å tenkje på at vi skulle ha dei inn i bilen då vi peikte dei ut, men det gjekk heldigvis akuratt. Vi hadde på førehand bestemt oss for at hovudfargen skulle vere grå og at vi ville ha svart og brun til å lage mønster. Men å spørje etter brun i ein fargehandel er ikkje berre, berre. Det eksistere jo ørten variantar av brun (av grå og for den saks skyld). Christer ville ha ein brun som det var ein god del rødt i, noko eg følte blei litt for volsomt. Men det enda no opp med at vi kjøpte denne brunfargen uansett. Dette var heilt vanleg 1 liter LADY VEGG akrylmaling med fargekode S8010-Y90R. Fargekoden på den grå husker eg ikkje, det var ein ganske lys grå, som eg meiner huska hella litt mot gul. Må velge vanleg veggmaling og ikkje våtromsmaling, då denne inneholder nokre andre stoffer som kan vere farleg for fisken.....(har eg lest)

Så var alle "ingridiensane" klare og det var berre til å kjøre på. Begynte med ei veeeeeldig enkel skisse om korleis vi sånn nokon lunde ynskja å ha det. Første modul målte vi opp og teikna på den formen vi ville ha på isoporen. Var veldig klar for å skjære ut biten med tapetkniven vår, MEN plata var ein smule tjukk og ting blei litt meir kompliserte enn planlagt. Det enda opp med at dei store bitane blei skjært av med ein vanleg brødkniv. Noko som var eit mykje tyngre arbeid enn det faktisk høyrest ut som.

Når modullen hadde fått ein form vi var fornøyd med skjærte vi ut litt hakk og hull, slik at den skulle få ein så naturleg look som mogleg. Deretter blei heile modullen blåst med varmepistol. Både for at isoporen skulle slutta å flassa og for å få vekk mesteparten av isoporutsjåande. I tillegg var varmepistolen ganske grei å forme store delar på modullen. (Ikkje små detaljer, dette blei det berre tull av)

Dei neste modullane blei ikkje teikna opp på førehand, berre skåret ut på frihånd og utsjåande på dei blei planlagt litt undervegs. Det gjekk heilt fint det. Alle rette kantar blei fjerna og rette linjer på modullen laga vi litt hakk og slikt i. Igjen får å få ein så naturleg look som mogleg. Einaste som var planlagt var kor pumpa skulle vere, slik at vi kunne skjære ut plass til denne. Bare dumt vi ikkje tenkte på at vi skal ha ei til pumpa ein gong i tida og kor vi skulle plassere varmekolben.

Som eg nemnte i mitt første innlegg på denne tråden, blei heile (og då meiner eg HEILE) badet isoporlagt. Og heile meg blei isoporlagt. Greit nok det, men å laga disse modullene tok jo litt tid. Så logisk nok satt eg ikkje på badet i så mange timar i strekk. Som konsekvens av at eg gjekk ein del ut og inn frå badet, blei det ein del isopor i resten av leiligheta også. Neste gong skal dette gjørast om sommaren, slik at ein kan gjere det ute!

Vi begynte først å male når alle modullane var ferdig tilskåret og blåst. Vi starta med å gi alle bitane eit strøk med grå maling. Både foran og bak, og oppå og under. Vi var redd for at malinga ikkje skulle holde til alle delane, men det gjorde det, akkurat. Grunnen til at vi malte, til og med, baksida var at vi leste ein plass på nettet (mest sansynleg her på akvaforum) at viss ein setter isopor i vatn som ikkje er tildekka, vil den med tida gå i oppløysing. På grunn av dette burde vi vel eigentleg ha malt endå eit strøk, men skal eg vere heilt ærlig så hadde vi ikkje tolmodighet til dette.

Deretter var det detaljer som skulle malast med svart og brunt. Brunfargen gjorde seg meget godt på modullane, til tross for at eg hadde vore skeptisk til at den var så rød. (i tillegg står den no i stil med lavasteinane som er satt inn i karet). Detaljane blei malt på som strekar og prikker, men fan ut etter ei stund at ein svamp gjorde underverker. Dyppa svampen i maling og dunka meget lett på bakgrunnen. Men på grunn av at den første modull var malt med prikkar og strekar, måtte dette gjørast på dei fem andre og. Resultatet av malinga blei så som så. Det blei bra, men er alikevell ikkje 100% fornøyd.

Skulle vi ha gjort dette på nytt ville vi ha starta med å malt heile modullane svarte og brune. Og deretter brukt svamp og dunka på masse grå maling. Slik at svart og brunn blei liggande i bakgrunnen og inne i sprekker og huler og den grå, lysare, fargen låg "på topp". Men det får vi ta neste gang

Christer var meget skeptisk til at modullane ikkje kom til å halde seg på plass etter at vi hadde limt dei fast på akvariet. Så det blei brukt masse silikon for å lime dei fast, så dei skal no i alle fall sitte godt fast. Stod å holdt kvar modull i nokon sek./min. før vi lot disse tørke i ca 1-2 dagar. Deretter fylte vi på vatn for å la modullane vanne seg ut. Den første dagen seiv det ganske mykje grå maling ut frå modullane. Men dette blei mindre og mindre. Så når det var stått i ca 2-3 dagar og hadde hatt ein 2-3 vannbytter, følte vi at karet var klart.

Slik blei vår bakgrunn til, og den står like fint endå. Pen, hjemmelaget og til ein meget billig penge! Dette er virkeleg noko å anbefale Bjørgvin. Einaste ein må passe på er at isoporen er ganske myk, så må vere litt forsiktig skal ein plassere stein og slikt i nærheten.

(Synd eg ikkje har noko særleg bilder å legge ved, så legger ved dei som allerede er vist tidlegare)
Takker for et langt og informativt svar!
Kjenner meg godt igjen i det med at det er isoporkuler OVERALT etter en liten økt.
Avsluttet et prosjekt for ikke lenge siden grunnet at karet det skulle i pluteslig måtte starte innkjøringen. Så har en del ferdig skjært isopor liggende. Har husfix på noe av den, men ikke alt. Så mulig jeg bruker noe av det i en 60l. Så kanon at dette funket. Da får man litt farge på det. Og ikke bare den samme gråfargen.
Lagde forresten en liten tråd dengang:
Tilfeldig bekjentskap
© Arild Magnussen
Reklame for plussmedlemskap