Nybyrjar med erfaring

Er det ein ting eg har lært dei siste to vekene så er det at om du trur du veit noko om akvariedrift, har du mest truleg ikkje peiling.

Vi hadde akvarie heime då eg var "lita". Og eg hugser at vi hadde dei "normale" problema; snegler, prikkesjuke osb. De same har eg vore borti i 20 liters akvariet eg har hatt i leiligheta dei siste to åra. Men etter at eg bytta ut dette med eit på 60 liter, har det dukka opp fleire problem på to veker enn eg har sett på to år med det gamle.

Det første problemet var "spindelvevet", som eg liker å kalle det. Gråaktig stoff i vatnet (lika litt på bomull "oppløyst" i vatn, om dette gir meining for nokon) som dukka opp etter at eg putta nyinnkjøpt dekorasjon ned i karet. Såg ikkje bra ut, men hadde aldri vore borti noko slik før så tenkte at det fekk berre gå over. Det var jo lenge til fiskane skulle oppi.
Men då nenontetranae mine måtte hasteflytte grunna lekasje i gamleakvariet, gjekk det så klart gale. Og fiskane vart tulla inn i dette "spindelvevet" etter at dei døydde.
Og som om ikkje det var nok; forrige veke (etter fiskedøden) bestemte eg meg for å plukke ut dekorasjonen det såg ut som "vevet" kom frå å vaske den GRUNDIG. Då eg flytta den, oppdaga eg at planten som stod bak er heilt råten. Fekk ein kjempejobb med å fiske ut alle restane av denne (den gjekk i oppløysing då eg prøvde å flytte den).

Men, med litt graving, spørring og søking på forumet kom eg fram til at det grå spindelvevet mest truleg er sopp. Sopp som vanlegvis kjem frå røter som blir putta nedi, og sidan eg ikkje har noko slikt må folk gjerne seie i frå om dei kan tenke seg grunnen til problemet. Sidan akvariet er tomt for fisk at, bestemte eg meg for at no skulle det berre få stå i fred lenge.

I dag kom eg att frå ferie. Og kva finn eg i vatnet? Massevis av kjempetynne, bittesmå mark på glaset. Og noko som likner på kvite lopper i vatnet. Mild panikk, og rett hit for å lese igjen. Og etter X antall poster har eg konkludert med at dette må vere vasslopper og ein eller annan type orm som sikkert er heilt ufarlig, og som fiskane kjem til å ete opp når dei hamner oppi.

Så, har på ein måte slått meg til ro med desse to diagnosene. Men eg er framleis litt uroa for om nye fisker som hamner nedi der om ein månads tid får same skjebne som neontetraane. Dvs; om fiskane døydde grunna "spindelvevet" og ikkje for tidleg flytting. Og kor lenge eg kan vente før eg putter fisk oppi. Og kva slags fisk eg kan putte oppi for å ete opp desse ekle småkrypa eg har fått besøk av.

... blir besøk hjå dyrebutikken i morgon. Igjen.
Tilfeldig bekjentskap
© Lene Jødahl
Reklame for plussmedlemskap