Kor lenge kan yngelen gå sammen med foreldrene

Kjøpte eit par med nigeriakilli på auksjon, og etter 6 veker er det alt fleire yngel i karet.
Oppdaga den fyrste for 2 veker sidan og dei to største begynner alt å få litt antydning til grunnfarge. Det er eit mikrokar 20 liter + så ein stim med killi er ikkje noko alternativ, og killien er uansett for kranglete til det.

Kor lenge kan ynglene gå saman med foreldrene, og når må eg skiller yngel / eller i all fall eventuelle hanner frå kvarandre?
Lite kommentarer, men kan rapportere at yngelen går framleis saman med foreldrene. Dei eldste er snart to månader gammel og begynner å farge meir ut. Det er vanskeleg å telle fordi dei minste fordi dei gøymer seg i javamose og i grusen, men eg trur det er meir enn ti i alt.

Killien går i eit lite kar ~20-25 liter så det overrasker meg at overlevelsesgraden er nesten på linje med levendefødende. Har slutta å gje det minste yngelforet så eg rekne med at dei ikkje blir så mange fleire.
Får fore dei som er der godt i juleferien og flytte over eventuelle hanner som farger ut.

Tilfeldig bekjentskap
© Lars Jamne
Reklame for plussmedlemskap