Innhold / nivå av forskjellige stoff

Eg har tatt gullfiskane frå hagedammen over i en tank i går, 1000 liter inne i garasja for å berge dei i vinter. Masse yngel men berre nokre få vaksne gullfisk. Første halve døgnet såg alt normalt ut, dei hadde fått omlag 90 % nytt vatn, resten var frå dammen. Så kom dei store opp til overflata og gispa etter luft i går kveld.... I dag held dei seg på botnen og er rolege, men i live.
Har sett innlegg om at det er problem om dei gisper etter luft, men kan ikkje skjønne at det er oksygen dei mangler. Der er luftpumpe og vatnet er jo ferskt, frå borehol riktignok.

Har fyllt på / bytta ut ca 200 liter også.
Har prøvt et test sett for å finne verdiane, men er usikker på resultatene. pH = 7,2, det er vel bra, Klor 0, hardhet 15 (?), NO2 >7 og NO3 = 0. Kan dette vere rett?
Er litt usikker med målingane, men det ser slik ut for meg. Vanntemperatur no er 14 gr, i starten var det 10, omlag som ute.

Vilke tall bør eg ha her?
Håper og tror du har blanda no2 og no3 her 7 i no2 nitritt er meget giftig mens 7 i no3 nitrat er bra. Ellers ser det bra ut for gullfisk det her.
Innhold / nivå av forskjellige stoff
Tusen takk for svar. Dette er sikkert riktig, eg skal sjekke NO i neste prøve bedre. I allefall lever fiskane og har det bra fremdeles. Eg var litt redd då dei gispa etter luft første dagen på ny plass!

Tilfeldig bekjentskap
© Ian Fuller
Reklame for plussmedlemskap