Kan det vere sjukdom som tar livet av fisken min?

Dette er 2. året eg prøver å overvintre gullfisk inne. Har 1000 l kar og i år starta eg med 8 små gullfisk, 3 ca 15 cm og 5 mindre.
I fjor trur eg dei fraus i hel, men veit ikkje. Der kan ha vore nær 0 grader en kort periode. Så i år har eg hatt varmekolbe og termostat, der har vore 6 grader heile tida etter at kulden kom for alvor ca 1. november.
Et par ganger vart det gitt litt for, berre en brøkdel av det vanlege, dei første to vekene. Etter det har dei ikkje fått.
Dei har døydd ein etter ein, først dei med lite farge, men i dag også ein av dei store med god farge. Dei virker oppblåste, tunge og "faste i fisken". Sjå bildet av den i dag, ca 15 cm. No er der 1-2 igjen. Ser ut som ei luftboble ved munnen til den døde fisken.
Det har vore skifta 10-15 % av vatnet kvar 14. dag og der er luftpumpe og filterpumpe.

Har litt skjellsand på botnen, og elles en del vanleg akvariesand.
Tilfeldig bekjentskap
© Erlend D Bertelsen
Reklame for plussmedlemskap