Akvariebord til 122-liter med buet front.

Dette akvariet er av merket AquaEl og blei kjøpt brukt inkludert det meste, men ikkje bord.

Heile bordet er laga av ei hobbyplate i furu som blei kjøpt på tilbod på Maxbo for litt over 300 kroner. Plata var 80 cm brei, og 250 cm høg.

Her er alt, kappa i mindre delar for å lette transporten:


Akvariet har bua front, og det var då naturleg å lage bordet med ein bua kant foran. Eg brukte ganske enkelt akvariet som mal for å teikne inn linja å sage etter.


Den bua kanten blei saga opp med stikksag, og deretter pussa.


Her er alle delane (unntatt hylleplatene) sagd til, men ikkje montert.


Kvar del vart limt og skrudd saman. Solid skal det vera!


Ramma er ferdig:


Bakveggen på den eine sida var lagt litt ut for å gje plass til leidningar/sladd bak.


Puss, puss, så får du en suss!


Til slutt blei hylleplatene limt og skrudd på. Desse verkar også som oppstivarar.


Voilá: Bordet klart til beising! Føttene bordet står på er berre for beisinga si skuld. Botnen er heilt flat.


Bordet beisast. 


Her kan ein sjå at det blir plass til kontaktar bak.


Ferdig! Karet er fylt med vatn, og Nemi og Pondus har flytta inn!


Holger Lockertsen - 15.10.2005
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap