Swim with the fishes

I Oregon Coast Aquarium i Newport USA kan kven som helst få sjansen til å snorkle eller dykke saman med fiskane i akvariet i løpet av ei spesiell aktivitetshelg. I samarbeid med ein dykkeutsyrprodusent kan alle få prøve både dykking og snorkling, og i tillegg arrangerast det overnatting i "Passages of the deep"-tunnelen der ein kan liggja og titte opp på store haiar som symjer over. Det var for øvrig i denne tanken Keiko symde rundt før han vart satt fri og slo seg ned i norske fjordar.

"Du treng ikkje være dykkeekspert for å få stort utbytte av helgas aktivitetar", seier presseansvarleg i akvariet, Cindy Hanson. Overnattinga og ein spesiell dag dedikert til kunnskap om haiar er nye aktivitetar dette året. Det blir også avholdt kurs om undervatnfotografi.

No er det vel ikkje mogleg for så mange nordmenn å ta turen dit på kort varsel og delta på arrangementet, men ein kan jo håpe på at norske akvarium kan arrangere liknande aktivitetar i framtida!

http://www.aquarium.org/


H. Lockertsen - 13.08.2006
Tilfeldig bekjentskap
© Haakon Haagensen
Reklame for plussmedlemskap