Akvarier i Storbritannia lanserer the Big Fish Project

Offentlege akvarium i heile Storbritannia har slått seg saman og starta eit prosjekt for å setja fokus på kor naudsynt det er å tenkje seg om før ein kjøper potensiell diger fisk som kjæledyr.

The Big Fish Project baserer seg på research gjort av Dr Peter Burgess. Han undersøkte offentlege akvarium i heile landet og fann at alle regelmessig blir tilbydd fisk frå akvaristar som har kjøpt fisk som er blitt for store for sitt eige akvarium.

Undersøkelsen viste at Pacu, Piraya og vanleg Pleco toppar lista over artane som akvaristar prøver å prakke på dei offentlege akvariene når fisken blir for stor. Prosjektet blir oppsummert i ein artikkel i oktobernummeret av det britiske magasinet Practical Fishkeeping.

© Kjetil L

Tilsette i akvariet The Deep i Hull, England fortel i artikkelen at dei ofte blir kontakta av desperate akvaristar med alt for stor fisk, men at dei svært sjeldan kan ta i mot slike fiskar.

Assisterande kurator Kate Rigby i The Deep seier:
- Det er ein myte at fisk aldri veks ut av akvariet det veks opp i. Ein fisk vil alltid veksa til den storleiken den skal ha i naturen. Ein fisk som veks opp i eit akvarium som er for lite vil ofte få helseproblemer og dø alt for tidleg.
- Målet med kampanjen er å be folk om å tenke og undersøke før ein kjøper fisk til akvariet sitt. Finn ut kor stor fisken blir i naturen, og dersom den blir for stor: Ikkje kjøp den!

The Deep har i samband med kampanjen ei utstilling med ein video av den kjente britiske naturfilmhosten Steve Leonard, og dei gir også bort "Big Fish"-linjalar som viser nøyaktig kor store enkelte populære akvariefisk kan bli!

Du kan lesa meir om prosjektet i oktobernummeret av Practical Fishkeeping. Bladet kan tingast til Noreg også.
H. Lockertsen - 28.09.2006
Tilfeldig bekjentskap
© Andreas Fredly
Reklame for plussmedlemskap