Venleg akvariefisk blir sørga over i Seattles Chinatown
Swish the Fish - ein 75 cm lang Pacu symde rundt i vinduet på restauranten Kau Kau BBQ & Seafood Restaurant i mange år - heilt til den dagen restauranttilsette kom på jobb og fann at akvariet hans hadde sprekt og nesten alt vatnet hadde rent ut. Swish var i live men låg på sida i akvariet.
Dei tilsette i Clayton Aquariums, firmaet som jobbar med å driva slike akvarium, hadde kjent Swish nesten heile livet, og i 11 dagar pleidde dei den store Pacuen, men 15. august døydde han.
"Det er så trist. Vi så på han som ein del av familien" sa Richard Chang som driv restauranten saman med kona Lynn.
Den nesten 14 kilo tunge fisken var minst 31 år gamal. Tidleg i livet var han attraksjon i ein Enumclaw restaurant, og etter det var han lenge i eit akvarium på eit barnesjukehus i Seattle. Det var visstnok ungane der som ga han namnet sitt. Ein gong tidleg i åttiåra blei han plassert i Wharf Restaurant der han fekk fleire vener. Då Wharf stengte fann restauratøren Wei Eng han på ein auksjon og han flytta inn i eit kar i Kau Kau-restauranten i 1987.
Dei tilsette i Clayton Aquariums tok det spesielt hardt at fisken døydde.
"Folk gjekk bort til akvariet og titta inn, og Swish symde bort og kikka ut på dei". Når dei akvarietilsette reinsa karet tydde det også at Swish ville bli klødd på hovudet.
"Han gnidde kroppen sin mot armane dine, omtrent som ein hund", sa Peter Korch i Clayton Aquariums
Pacu kjem frå Sør-Amerika og er kjent som "vegetarianar-piraya". Swish blei fòra med eple og gulrøter - og ved særskilde høve fekk han druer.
Etter at Swish the Fish døydde har dei tilsette i restauranten samla inn over 500 dollar til eit "Swish fond", og no har eit nytt ferskvatnakvarium til 5000 dollar blitt installert og ein ny Pacu - tre år gamal og tre kilo tung er på plass. Den nye fisken blei donert av ein kunde då fisken hadde vokse ut av akvariet.
"Han symde bort til meg for å ta ein titt på meg", sa Peter Korch. "Det er eit godt teikn. Han er ein bra fisk. Han har potensiale til å bli Swish II".