TV-aksjonen 2006 - Leger uten grenser

AkvaForum støttar TV-aksjonen 2006 og oppmodar alle medlemer til å gje så det monnar til ein organisasjon som reddar tusenvis av menneskeliv kvart år: Leger Uten Grenser (Medecins Sans Frontieres - MSF)


Mange av fiskane i akvariene våre kjem frå tropiske område der menneska lever i naud og fattigdom og vaksne og ungar døyr kvar dag av underernæring, sjukdommar, sult og krig. Leger Uten Grenser (MSF) er ein uavhengig organsisasjon med berre ein agenda: Å senda legar og sjukepleiarar til område der det ikkje finst legehjelp å få og redde menneskeliv og å setja folk i stand til å redde seg sjølve!

Her er nokre vanlege akvariefiskar. Sjå kva Leger Uten Grenser gjer der dei kjem frå!


Mona Opland
Corydoras sterbai finst mellom anna i Bolivia. I Bolivia driv MSF arbeid i ein region som myndighetene i landet nesten ikkje bryr seg om. Les meir om arbeidet her.







Tone Andreassen
Neontetra finst mellom anna i Colombia. Der hjelper MSF folk som er offer for den utbreidde valden i landet, og når også ut til folk i isolerte område med sårt tiltrengt legehjelp. Les meir om arbeidet her.









Bjarne Sætrang
Kongotetra er m.a. frå Den demokratiske republikken Kongo. I dette landet reddar MSF liv blant folk som er offer for den ekstreme valden i landet, i tillegg til alle moglege sjukdomar som folk i tropiske område slit med. Arbeidet i denne regionen er spesielt farleg, og i 2005 blei to arbeidarar frå MSF kidnappa.
Les mer om arbeidet i Kongo (DCR) her.





Johnny Jensen
I Malawi ved Malawisjøen jobbar MSF m.a. med dei over ein million HIV-smitta i landet.
Les meir om arbeidet i Malawi her.





Holger Lockertsen
Palettciklider finst mellom anna i Nigera og Kamerun der MSF også arbeider

Les om arbeidet i Nigeria her







Veit du forresten at guppy og andre levandefødande artar er satt ut i elver og vassdrag i tropiske område over heile verda for å bekjempe malaria? Guppy er spesielt ivrig etter å eta mygglarver, og sidan malaria spreiast av malariamygg, er minsking av myggbestanden ved hjelp av fisk eit av tiltaka myndighetene i enkelte land har satt i verk. Desse tiltaka er omstridt, då slike tiltak kan setja lokal fauna i fare for utrydding.
 
Dette arbeidet har ikkje MSF noko med å gjera, men malaria er truleg den verste og mest utbreidde sjukdomen Leger Uten Grenser jobbar med å bekjempe i alle dei tropiske områda dei arbeider i.  

Støtt TV-aksjonen 2006, og hald gjerne fram med å støtte arbeidet som Leger Uten Grenser i landa der fiskane dine kjem frå etter at Tv-aksjonen er over!



Holger Lockertsen - 22.10.2006
Tilfeldig bekjentskap
© Ian Fuller corydorasworld.com
Reklame for plussmedlemskap