Mann tiltalt for dumping av gullfisk

Ein mann er blitt tiltalt for å ha dumpa meir enn eit dusin gullfisk i elva Themsen i England og blei sett av eit vitne. Han erkjente seg skuldig i retten og blei dømt til 6 månaders betinga fengsel og til å betale saksomkostningane.

Mannen fortalte retten at han hadde 15-20 gullfiskyngel som forblei brune og i staden for å selja/omplassere dei, slapp han dei ut i elva.

Å introdusere artar på dette viset er farleg for miljøet og kan ha svært stor innverknad på lokal flora og fauna, og slike handlingar er også ulovleg i Noreg.
Mange trur det er ei uskuldig handling å sleppe laus akvariefisk, men dei kan bære sjukdomar, truge lokale fiskebestandar og kan formere seg så hurtig at dei utgjer eit trugsmål mot heile økosystemet.
Holger Lockertsen - 16.01.2007
Tilfeldig bekjentskap
© -mette-
Reklame for plussmedlemskap