Galaxyrasbora er utryddingstruga

Den flotte, fargerike fisken Galaxy Rasbora som blei introdusert til akvariehobbyen i september 2006 har blitt samla store tal, men den står allereie no i fare for å bli utrydda i vill tilstand.

Kamphol Udomritthiruj, som jobbar i AquariCORP og var den som oppdaga fisken og introduserte den til marknaden melder i forumet på petfrd.com at det på den siste fangstturen var svært få eksemplar å fange. Området som fisken lever i er også i sterk endring.

Habitatet ligg øst for Inle Lake i Myanmar (Burma), 1045 meter over havet.

Habitatet startar med eit naturleg vatnutløp:



Denne vesle dammen er skapt av ei menneskeskapt demning som blir brukt av lokalbefolkninga som vatnkjelde.




Derfrå flyt vatnet inn eit våtmarksområde som på det djupaste er under ein meter



Heile dette overfløymde området er menneskeskapt for å vatne jordbruksområda under vatnutløpet.



I løpet av dei siste par månadene har vegetasjonen blitt nesten heilt nedtrampa. Fangsten pr dag er no berre 30-50 eksemplar. Situasjonen er alvorleg.





Galaxy-rasboraen blei etter at den vart introdusert til hobbyen hausten 2006 aller først dretta av akvaristar frå Bolton Museum Aquarium i Storbritannia og har etterpå blitt dretta av akvaristar over heile verda.

Trykket som er på denne sårbare arten er no så stort at akvariebransjen bør ta ansvar og slutte å kjøpe inn fisken. AkvaForum vil oppmoda til at viltfanga fisk berre blir kjøpt av akvaristar som vil drette dei.

Tyson Roberts har beskrevet arten og vil gje den namn i ein artikkel som blir publisert i mars 2007. Fisken vil bli plassert i ein ny genus som den vil dele med den fisken som no heiter Microrasbora erythromicron. Det tyder at fisken faktisk ikkje er ein Microrasbora. Namnet vil altså bli publisert i slutten av februar eller i mars.

Fisken trivst for øvrig i kjøleg alkalisk vatn ved omlag 24 grader eller mindre. Den lever saman med fisk som den ubeskrivne smerlingen "Rosy loach" (Yunnanilus sp.) og Devario sondhii.

Kjelde: www.petfrd.com og www.practicalfishkeeping.co.uk
Bilete: Kamphol Udomritthiruj
Holger Lockertsen - 26.02.2007
Tilfeldig bekjentskap
© Rolf H Dahl 2011
Reklame for plussmedlemskap