Rekordakvarium på Expo 2008

Fleire rekordar blir slått når akvariet Acuario Fluvial opnar under EXPO 2008:

- Det blir Europas største akvarium
- Det blir verdas tredje største
- Det vil ha verdas største vatntank på 1 800 000 liter
- Byggetida er berre 24 månader
- Det vil ha den største bio-diversiteten av elve-økosystem i ein installasjon



Utstillinga er satt opp som ei reise i dei naturlege landskapa frå fem av dei største elvene i verda med meir enn 5000 eksemplar av alle moglege akvatiske dyr, inkludert reptilar, pattedyr og amfibier.

Elveakvariet med 60 akvarier og terrarier vil bli heim til mange representantar for faunaen i fem økologiske og geografiske regionar, inkludert Nilkrokodiller, mange ulike maller, arowanaer, arapaimaer, ferskvannsmurener, otere fra Ebro-elva i Spania, og ei rekke skilpadder, slanger og øgler.

Publikum vil vera deltakande i dei ulike økosystem-utstillingane med alle sansar, fordi utstillingane vil vera realistisk utforma med lydar, fuglelydar, fuktighet og til og med tåke.



Dei ulike delane består av:

Nilen
Reisa byrjar med artar frå dei store sjøane i Øst-Afrika, som er ei av kjeldene til Nilen. Halvvegs vil det vera ei strand med levande krokodiller, og reisa endar med artar frå Nil-deltaet og også ei utstilling om Middelhavet og Rødehavet.

Mekong
Fjellpassa i Himalaya er den første scena på denne reisa med artar frå dei øvre delane av Mekong-elva. Rismarker er bakgrunnen for utstilling av artane som ein finn halvvegs nedover elva og ein hage med orkidear viser vegen til den nederste delen av elva, med utstillingar også frå Stillehavet og korallreva der.

Amazonas
Utstillinga har tre område, der det første byrjar i El Ígapo med den oversvømte Amazonas-jungelen, med digre kokosnøtt-palmar med kvite stammar og gjørmedekte mangroverøtter. Der vil også finnast område med koloniar av gigant-vannliljer, og i midtområdet kan besøkande rusle mellom tretoppane i jungelen. Mangrovesumpen er det tredje området, og sluttar i ei utstilling med Atlanterhavet som tema.

Murray-Darling
Denne australske elva er tema for den fjerde utstillinga og publikum byrjar reisa i dei oversvømte områda og fortsett gjennom ørkenområda og midt-delen av elveløpet. Reisa endar i ei videoutstilling av fuglelivet ved munninga av Murray-elva.

Ebro-elva
Artsmangfaldet i den spanske elva Ebro blir representert i to område: Fjellhula og elveløpet. Reisa byrjar i ei kalksteinshule, midtløpet viser floraen i skogane ved elvebredden, og reisa endar med ei utstilling om Middelhavet. Akvariet ligg rett ved denne elva.

World River
Utstillingane er lenka saman med "World River" ein sentral tank som symboliserer tilhøva mellom dei 6 kontinenta med røter i Pangea, det originale superkontinentet og vil innehalda artar frå elvesystem som ikkje er med i hovudutstillinga. 

Denne utstillinga vil naturleg nok ikkje bli tatt ned når EXPO 2008 er tatt ned, men vil bli overført til byen Zaragoza når det er over og vil bidra stort til turismen i byen og regionen også etter at EXPO 2008 er over.

Expo 2008 er frå 14. juni til 14. september og har sjølvsagt mange andre flotte utstillingar.


Holger Lockertsen - 15.01.2008
Tilfeldig bekjentskap
© Haakon Haagensen
Reklame for plussmedlemskap