Granddad er verdas eldste akvariefisk

Shedd Aquarium i Chicago har ein attraksjon utanom det vanlege. Den australske lungefisken "Granddad" har titta ut på publikum i 75 år - heilt sidan 1933!

Dette gjer fisken til den eldste akvariefisken i verda, og er ein av dei største attraksjonane i akvariet. "Han var her då T-Fordar parkerte utanfor", seier Roger Germann, talsmann for Shedd Aquarium.

Granddad er over 1 meter og 20 cm og over 11 kg tung. Fargen er som eit gamalt brunt teppe, med koksgrå flekkar på ryggen.


(Foto: Shedd Aquarium)

Granddad delar det 22000 liter store akvariet med nokre mykje yngre artsfeller, nokre skilpadder og andre mindre fisk. Han kom til Chicago via dampskip og tog til verdsmessa i Chicago i 1933. På den tida vart det fastslått at Granddad var minst 5 år gamal og fullvaksen.Det tyder at han minst er 80 år gamal i dag - eller kanskje til og med 85. Biologane har ingen ide om kor gamal ein australsk lungefisk kan leva, seier George Parsons som er ansvarleg for fiskane i Shedd Aquarium. Granddad får variert kost, både fisk og grønsaker.

Australske lungefiskar har primitive lunger i tillegg til gjellene, og kan ifor puste i luft. Parsons fortel at Granddad kjem til overflata for luft ca kvart 25. minutt, elles ligg han for det meste på botnen. Av dei seks lungefiskartane som finst i verda er det berre den australske lungefisken (Neoceratodus forsteri) som har ei enkel lunge. Alle andre artar har to.

I naturen lever fisken berre i Mary og Burnett River i den sør-austlege delen av Australia. Arten har ikkje utvikla seg mykje, om i det heile tatt på 100 millionar år!


Holger Lockertsen - 19.03.2008
Tilfeldig bekjentskap
© -mette-
Reklame for plussmedlemskap