Logg inn

Passord
Husk passord
 
Utskriftsvennlig versjon
| Mer
Akvarieskolen Nyheter Eksterne nyheter Om fisk Om planter Om andre dyr Om sykdom Om alger Innredning Gjør det selv Fotografi og bilderedigering Akvariebøker Annet
 
Tilfeldig bekjentskap:
© Bjarne Sætrang © Bjarne Sætrang © Catrine Scisly
Tilfeldig akvarium:
Månedens akvarium:

Verdas største akvariedesignkonkurranse søkjer norske deltakarar

Redaksjonen

International Aquatic Plants Layout Contest (IAPLC) er ein global akvaskapingskonkurranse som er organisert av Aqua Design Amano. Takashi Amano er ein av verdas mest berømte akvaristar og er kjent for fantastiske bøker med fantastiske bilde av akvarieoppsett. Aqua Design Amano er firmaet hans som sel akvarieutstyr og tilsetningsstoffer i heile verda.

IAPLC består av ein komite samansatt av folk frå heile verda, og det same er juryen som evaluerer bidraga i konkurransen. Dette er det nærmaste ein kjem VM i plantekar!

IAPLC  vil ha bidraget ditt innan 31. mai, og det kostar ingenting å delta. 1. premien er 1 million yen (i underkant av 70.000 kr), men det er også andre pengepremiar. Det er berre tillatt å bidra med eitt bilde av eitt kar. 

Her er vinnaren av 2009-konkurransen, Nguyen Tien Dung frå Vietnam sitt kar "Moment in time":

Konkurransen er dominert av asiatar, men det er også mange europearar med. På resultatlista for 2009 fann eg fem svenskar (beste på 290. plass), ingen nordmenn og ingen danskar.  Det var 1342 bidrag frå 51 land i 2009.

Kvart bidrag blir vurdert ut frå fleire kriterier enn det kunstneriske. Det gjevast inntil 100 poeng for kor vakkert karet er, og i tillegg blir det gjeve inntil 20 poeng for kvart av desse kriteriene: 

  • Kreativitet,
  • Komposisjon av plantar
  • Balanse mellom fisk og design
  • Naturleg atmosfære
  • Plantane sin kondisjon. Er designet varig?

Det kan altså maksimalt gjevast 200 poeng. 

Vi synst det hadde vore fantastisk om eit norsk kar kunne hevda seg i konkurransen, så vi oppmodar alle planteakvaristar om å verkeleg gjera seg flid fram mot 31. mai! Vi vil rapportere om korleis det går i konkurransen internasjonalt, men også korleis eventuelle norske deltakarar gjer det. Gje oss gjerne ei melding dersom du melder deg på!

Finn også inspirasjon frå Aqua Design Amano si permanente utstilling i Japan


(04.03.2010)

Diskuter artikkelen i forum

You need Flash player 8+ and JavaScript enabled to view this video.
You need Flash player 8+ and JavaScript enabled to view this video.