Ingunn sin vasstrukne tråd

Hadde i grunnen som nyttårsforesett at eg skulle bli flinkare til å skrive her på forumet, i staden for å berre lese det andre skriv, men ting skjer ikkje alltid same dag som tanken er tenkt

Tenkte eg skulle begynne med å skrive litt om dei akvariene eg har oppe no for tida. I profilen min har eg kun eit bilde av mitt største akvarium som er på "heile" 160 liter. Dette er eit Juwel record, med møbel som no har runda ti år. Oppsettet her har forandra seg litt, men det kjem eg tilbake til. Her skal det etter kvart bli CO2, eg har kjøpt inn alt som skal til, me endå ikkje fått somla meg til å ta det i bruk. Eg har også eit akvarium på 54 liter som eigentleg skal vera dotter mi sitt, men eg får aller nådigast plassera fisk her dersom dei er fine nok. Det einaste ho insisterer på er at ho vil ha kampfisk. Dette akvariet skal no byttast ut med eit litt nyare og ørlite større kar på 60 liter. Sidan desse akvariene venter på større omleggingar tenkte eg at eg skulle begynne med dei minste akvariene. Dei bruker eg til reker, oppforing av yngel og diverse oppdrettsforsøk. Eg veit at små akvarier er kontroversielt her på forumet, men eg håper eg ikkje får så alt for mykje bank

Mitt minste akvarium er eit heimesnekra kar på rundt 17 liter. Dette er langt og lavt for å passe inn på den nederste hylla i eit furunattbord frå IKEA. Oppå nattbordet står ein 19 liter. (Kan dette kallast ein reol?) Uansett her har det skjedd ein del ting medan eg var på haustferie.

I I7 literen bur det 4 Corydoras habrosus, kirsebærreker, sandsneglar og 4 jegersneglar. C. habrosus er min absolutte favoritt cory. Det har den vore sidan eg for 10 år sidan "redda" tre skremte individer som var blitt plassert saman med mykje større ciklider i eit akvarium på ein dyrebutikk i Oslo. Desse fiskane blei plassert i eit lite karanteneakvarium der dei presterte å legga egg. Den gongen mygla egga, men drømmen om å ein gong drette denne fisken var fødd.

(fortsettelse følger)


Mens eg var på haustferie. Hadde det altså skjedd habrosusane hadde lagt egg. Egga til desse dvergane er enorme i forhold til fiskane sjølv som blir max. 3-4 cm. Det var difor ikkje overaskande at eg ikkje fann meir enn 7 egg. Egga såg ut som dei hadde hengt ei stund, så eg turde ikkje ta dei ut. Ikkje var eg forberedt på noko slikt heller.

Legger ved eit bilde av nokre av egga med ei kirsebærreke i bakgrunnen så det går an å få eit inntrykk av størrelsen på dei. Glasset var rimelegt skittent, men det får stå sin prøve

Onsdag hadde egga klekt, men noko yngel såg eg ikkje. Eg trur dei låg ganske lavt i terrenget medan dei bruka opp plommesekken.
I dette akvariet er det ganske mykje rask på botnen etter at eg tok ut ganske mykje planter før eg reiste på ferie. Najas guadalupensisen eg hadde oppi der hadde tatt over mykje av akvariet. I ettertid kan eg jo spekulere i om det var det at plantene forsvann som gjorde at dei leikte. Dei jager jo ganske hektisk etter kvarandre under leiken og i eit akvarium med mykje planter blir jo det vanskeleg. Uansett så var det inne i dette rasket eg fekk auge på nokre små halar som piska rundt. Eg veit ikkje kor mange yngel det er, men eg meiner å ha sett minst tre.

Kameraet mitt er ikkje det beste til å ta bilder av små ting, men med litt fantasi går det an å skimte ein yngel.
Gratulerer med egen tråd og yngel

Mvh Per
Takk

Eg skal forsøke å poste fleire bilder av yngelen i løpet av dagen.
Det var ikkje berre i dette akvariet det hadde dukka opp yngel medan eg var på ferie. I akvariet over hadde eg hatt eit par med Pseudomugil gertrudae som eg tok ut før eg reiste. Her var det noko bitte lite som krusa rundt i vannoverflata. Eg var litt heldigare med fotograferinga av denne Yngelen kan ikkje vere meir enn ein dag eller to gamal.

Eg har framleis til gode å få noko godt bilde av cory yngelen, men i går var det ein som skvatt opp på ein stein der han la seg til. Eg trur den var lei av at den heile tida måtte flytte seg for foreldra som gassa seg med micro. Sjølvsagt gjekk kameraet tomt for batteri før eg fekk sikta meg skikkeleg inn, så igjenn må ein bruke fantasien for å sjå yngelen
Er litt deppa no. Har ikkje sett cory yngel på to dagar. Eg frykter at foreldra har spist dei. Neste gong skal eg definitivt ta ut egga.

Eg har heller ikkje sett gertrudae yngelen i det siste. Eg frykter at denne er blitt spist av killi yngel som går i same akvarium. Kanskje ikkje så overraskande i grunnen. Dei var jo ein del større, og killi er jo rovfisk.
Det mest overraskande var vel kanskje at den blei så gamal som den blei... Ei heil veke Sjølv om Rivulus cylindraceus, som det her er snakk om er ein av dei snillaste killiane eg har hatt.

Ja, ja, dette berre bekrefter ein mistanke eg lenge har hatt om at det å gå ut for tidleg å skryte av oppdrett berre fører ulykke med seg. No berre håper eg at det går ei hue eller to blant rivulus yngelen. Foreldra har eg solgt. Og dei to eldste ynglane har begge vist seg å bli hannar.

På tide med ei lita oppdatering her.
Fredag såg eg igjenn ein yngel oppi hos habrosusane. Eg fekk også tatt eit bilde før den for og gjøymte seg. Utruleg koss dei klarer å berre forsvinne oppi det vesle akvariet. Etter at eg tok bildet på fredag såg eg ikkje teikn til yngel før eg slo på lyset i dag tidleg, då satt det to stykk oppå krukka. Begynner å føle optimismen komme tilbake no...

Eg har også funne to små yngel blant flyteplantene i 160 literen. Det dreier seg mest sannsynleg om yngel av P. gertrudae. Denne gongen flytta eg yngelen over til 17 literen. Dessverre ser det ut som at kirsebærrekene har fått kloa i den eine. Men eg har framleis ein som blir litt større for kvar dag.

Akvariene her i huset ser ellers ganske forferdelige ut no for tida. 160 literen er eit villniss av planter, moser, røtter og alger. Her må eg bestemme meg for kva planter eg vil satse på og kva som må ut. Helst ville eg hatt ut alt og satt opp akvariet på nytt, men det blir eit litt for omfattande prosjekt. Planen var at eg skulle ha CO2 i dette akvariet, alt er kjøpt inn, men no er eg ikkje heilt nøgd med det utvendige filteret. Det er litt for lite strøm i akvariet, noko som gjør at det bygger seg opp ein del slam på plantene. Eg frykter også at CO2 boblene ikkje vil bli bra nok "spredd" i akvariet. Nye planter og nytt (gamalt) filter står difor høgt på ønskelista til storauksjonen.

Det ser heller ikkje ut som at datter mi sitt akvarium vil bli bytta ut i denne omgong. (Lang historie) Vi har difor bestemt oss for å gjøre det beste ut av det vi har. Det største problemet her er blågrønn alger. Vi skal ha ei større oppryddning no før storauksjonen tenker eg, så får me sjå om det ikkje blir nokre nye planter til dette akvariet også. Her treng eg forresten ny sand, men det ser ut som at det er slutt på biltema sanda? Eg fann den ikkje i den nye katalogen.
På tide med ein liten oppdatering igjenn. I 17 literen har eg framleis 2 yngel av C. habrosus. Dei begynner å sjå ut som små kopiar av foreldra. No er dei vel rett i underkant av 1 cm. Foreldra har ikkje leikt på nytt, men no har eg fått kjøpt inn litt forskjellig frossent fôr. Kanskje litt ekstra snadder i kosten er det som skal til.

Det er framleis ein yngel av P. gertrudae som lever. Den storkoser seg med micromarken og bunntabelettane som eg fôrer cory yngelen med. Skal sjå om eg ikkje kan få tatt eit bilde av denne også.

Også i 160 literen har det skjedd ting. Her fann eg coryegg på nokre lause blader som låg i overflata. I dette akvariet har eg C. polystictus og C. similis.
Eg var sjølvsagt midt oppi forberedelsane til barneselskap når eg tilfeldigvis oppdaga egga så eg fekk ikkje lett etter fleire, men av dei få eg fann, og tok ut, har to klekt. Foreløpig bur dei i ein plastboks med ein enkel luftestein, mens eg tenker ut ein lur plass å plassere dei. Hmmm det må vel kanskje bli i 17 literen... Dei må berre bli litt større først. Tar forresten gjerne imot innspel dersom nokon har erfaring med dei to coryane eg nemnte over. Lurer frykteleg på kva gruppe som har lagt egga. Det kan ser ut som at begge gruppene har noko på gong, men dei er frykteleg sky, og later som ingenting kvar gong eg stikk nasa bort til akvariet.



Ingunn da.... I dag er det akkurat 2 år siden du oppdaterte tråden din..... Uff da. Ble du lei av å skrive?

På tide du tar deg sammen..... knis

Hva type fisk har du for tiden og yngler det hos deg? Selv har jeg for det meste Apistogramma (takk for svar i tråden før i dag)

Du kan følge tråden min på denne adressen om du vil. Legg gjerne igjen noen bokstaver

http://akvaforum.no/forum.cfm?thread_id=57562&message_id=538352&sr=1&mp=1

LOFFA
Helt enig med deg her Leif , skjerp deg Ingunn
Hun har jo sendt habrosusene til meg, så da har hun vel ikke mer å skrive om ;D
Kremt! Tråden stranda litt då eg skreiv et langt innlegg og skulle legge ved bilder. Eg fekk problem med plasseringen av bildene og når eg skulle ordne det, så mista eg alt eg hadde skrive. Eg skriver treigt, det var eit skikkelegt langt innlegg og då blei frustrasjonen så stor at eg rett og slett mista gnisten.

Hadde faktisk tenkt at eg kanskje burde ta opp at tråden att. Så takk for oppmuntrande ord

Holder for tida på med ei større omlegging her. For å få meir plass i stova har eg kvitta meg med det store selskapsakvariet. I staden har eg kjøpt ei hylle frå Chlas Olson som eg holder på med å fylle med småkar. Så langt inneholder hylla berre tre akvarier. Ein 30 liters kube med reker, eit 60 liters apisto/tetra, og eit 54 liters med kampfisk og litt diverse. I tillegg står det ein balje på gulvet med reker som etter kvart skal få eigne akvarier. Helst i løpet av helga

Planen er å sette opp ein 12 liter med kirsebærreker, ein 17 liter som i første omgong sikkert blir heimen til ein trio lakrisgurami. Har også ein 20 liter som er tiltenkt oppdrett av kerri tera og ein 19 liter som eg ikkje har konkrete planar for endå. Eksperimenterer litt med bunnlag og planter for tida, og slit litt med å bestemme meg for kva bunnlag eg skal ha i dei ulike kara. Skal forsøke å legge ut litt bilder etter kvart.
LOFFA: Har litt apisto her også. Må liksom ha minst ein art. For tida har eg eit par med trifaciata som endeleg ser ut som dei har lukkast med å få fram yngel. Dei går saman med ein stim kerri tetra, men det ser ut som at dei har klart å setta seg i respekt, så eg håper nokre yngel vil overleve

Eg har også ein liten flokk yngel av A. hongsloi som venter på å flytte til ein ny eigar. Foreldra solgte eg på storauksjonen. Så har eg ein annan liten krabat som eg ikkje kjem på navnet til. Det får bli til seinare
eit 60 liters apisto/tetra

Hvilken type apisto er det du har Ingunn? Selv kan jeg vel kalle meg litt apistofrelst. Har en nydelig samling her av både oppdrettsvarianter og viltfangede apistoer.
Cacatuoides F1
Barlowi "Oran" VF
Barlowi Rio Ampiyacu F1
Barlowi Rio Yaguasiyocu F1
Cf Commbrae F1 eget oppdrett
Cf borellii
Nijssenii
Sp. "Oregon"
Macmasteri

Ja det er det jeg kommer på akkurat i farten. En utrolig spennende fiske art jeg har stor glede av. Barlowiene med lokasjon Rio Yaguasiyocu kan jeg faktisk hånd mate og er "tamme som kattunger". Kjempe gøy med slike opplevelser


Tilfeldig bekjentskap
© Jeff Rapps
Reklame for plussmedlemskap