Det kjem an på annonsane.
Google-annonsar tener vi ingenting på om ingen klikkar på dei, men når det gjeld grafikkannonsane på topp og høgre side er det fast månadspris. Ingenting ekstra for trafikk. Tele2-annonsen til høgre tener vi ingenting på før nokon faktisk bestiller Tele2-abonnement.
MEN - eg vil absolutt ikkje at folk skal klikke på annonsar "for å støtte AF". Det er mot retningslinjene til Google Adsense, og skapar masse falsk trafikk som ingen er tjent med. Det er mykje betre at annonsørane faktisk har annonsar som gjev brukarane genuint lyst til å klikke på dei.