Oppdaga i dag at eg har fått snegler i akvariet mitt, som har vore under innkjøring ei veke no. Trur sneglene må ha fulgt med plantane(?), sjølv om eg prøvde å skylle plantane før eg sette dei i karet.
Kan desse vera skadelege, eller blir dei f.eks. berre ekstra mat for fiskane? (Hjelper dei på bakterieveksten i innkjøringa? Vil sneglene døy etter kvart?) Tenkjer etter kvart å ha corydoras, eit par sør-amerikanske ciklidar og tetra.
Ser også ut til at sneglene formerer seg. Det er små gråkvite prikkar på akvarieveggane, og nokre av prikkane er litt større med to følehorn og ein raud flekk på motsett side. Prøvde å ta bilete av dei, men har for dårleg kamera.
Litt om vassverdiar etc:
temperatur 26
pH 6,5
ammoniakk mellom 1,5 og 3 (ca. 2?) - tidleg i innkjøringa
nitritt 0,0
Karet er 110 liter.