Støyande filter...tett?

Eg har eit 180l juwel akvarie med innebygd filter og varmekolbe. Eg syns det støyer i meste laget, det er meininga at rommet akvariet står i skal fungere som gjesterom. (ei middels stor todelt stove i gamlehuset. Akvariet står i eine delen, så er det forheng mellom den delen og der gjestar skal overnatte)
Av og til kjem det nokre veldige surklelydar frå filteret og så kan den gå stille ei god stund. Så kjem det surklelydar igjen og støyinga er tilbake. Det høyrast ut som om den surklar i vatnflata, men det gjer den absolutt ikkje. Vatnet går nesten opp til maksmerket i akvariet (kanskje 2mm under).
Akvariet er jo kjøpt brukt, det vart tømt OG oppfyllt på lørdag. Så det å renske filteret no er vel noko risikabelt for fiskane? Er det muligens tett/delvis tett filter eller kan det vere andre ting?
Eg trudde fyrst det var luftpumpa, for er slik dirrelyd. Men etter å ha skrudd av luftpumpa så var det klart at det er filteret som bråkar. Har jo vore mykje grums i vatnet i det siste, og filteret hadde ikkje vore rensa på ei stund når eg kjøpte det. Kan det skade filteret/fiskane om det er tett? Eller er det berre å halde ut støyen nokre veker før eg renskar? Evt. er det normalt at det støyer slik? Sette inn ekstra filter, er det ei ok midlertidig løysing?

For å prøve å beskrive støyen, så må eg gå inn i gamlehuset via kjøkkenet. Med det samme eg opnar kjøkkendøra så høyrer eg duringa. Frå kjøkkendøra går eg ca. 4-5meter før eg kjem i døropninga inn i stova, og så er det 3-4m til akvariet. (blir omlag 90graders vinkel frå kjøkkendør og til døropning inn i stova)
Det første som slår meg her er at det kan være at luft fra luftpumpen slippes sånn at boblene dras inn i filteret?


Eller det kan være en mulighet for at impeller i pumpa er full av skitt og trenger rengjøring.

Nei, eg tvilar sterkt på at lufta frå luftpumpa blir sugd inn. Den står ca. 20-30cm unna inntaket til filteret. Men eg har stussa på at det ikkje ser ut som det er sirkulasjon av betydning i juwel filteret? Skal det ikkje komme litt vatn som i ein "straum" ut av tuten? Eg merkar temmeleg lite der iallefall...ser absolutt ingen bevegelse verken ved inntak eller uttak.

Kjøpte ei Fluval 2 innvendig pumpe i dag som er tiltenkt 63l karet. Men skyllte det og satte det inn i 180l både for å få kjapt opparbeid bakteriefloraen i filteret, men mest for å sjå evt. forandringar i karet. Den fyrste forandinga var at det filteret var jo nærmast lydlaust! Men også at der blåsast det vatn så ein ser at den funkar! Sjølv stillt på lavaste utblåsning så er det fortsatt bevegelse der. Fiskane var kjapt oppe og prøvde seg på motstraumssvømming før eg fekk stillt den ned. Ulempen er at flyteplantane flaksar avgårde på ville vegar.

Kan dette bety at juwel filteret rett og slett er tett? Går det an å stille utblåsningsstyrken på juwel filteret? Dei eg kjøpte akvariet av snakka noko om at fiskane dei hadde ikkje skulle ha noko særleg bevegelse i vatnet, men dei såg no såre fornøgde ut no som det vart litt bevegelse? (Gurami)
Og finnast det bruksanvisning for juwel filter ein stad på nett? Aner ikkje korleis eg skal opne det og sjå om det er tett eller ikkje...ligger "dritlag" på toppen av det, det er kanskje ikkje noko godt teikn?
du skal absolutt kjenne at det strømmmer godt foran utblåset på pumpa.
Kan hende svampene er fulle av dritt, og hadde hatt veldig godt av ei skylling.
Ja, eg fryktar det. Får ta meg ei økt og kikke inni filteret og ta ein veldig forsiktig, lett skylling i akvarievatn på filteret og sjå om det hjelper. Men eg reknar med at eg ser det med ein gong visst det er pottetett iallefall, og då vil vel den minste lille skylling gjere det merkbart betre.
Vel, då har eg renska filter...
For å starte med begynnelsen så tok eg ein sjekk før eg renska filteret,og nei...det var ingen strømming av betydning forand utblåset på pumpa. Kunne kanskje med godvilje seie at det datt ut litt i ny og ne.
Så var det å gi seg i kast med filterene, og for å stille eit kjapt spørsmål: Går det an å ta ut sjølvare pumpehuset, eller er det dønn fast på juwelkar? Eg prøvde å lirke litt for å sjå om det virka mulig å få ut, men ga opp og måtte istaden lirke ut filtersvampane forbi pumpehuset. Dette medførte MASSE filterdrit ut i akvariet enda eg prøvde å vere så forsiktig som mogleg.
Vel, filterene var så skitne at eg med det samme trudde alle var svarte, men det var vist blå, grønn og ein svart på toppen + ein slik filtsak som egentleg skulle vere kvit, men som no var kullsvart. Eg skyllte svampane i ei bøtte akvarievatn og plasserte dei tilbake. La ny filt på toppen då den gamle var heilt forferdeleg skitten.

Tenkte eg ville starte den nye pumpa fyrst for å sjå om den fekk renska det grøvste før eg starta opp igjen "hovedpumpa". Vel, eg bestemte meg ganske fort for at her var det berre å gjere istand eit kjapt lite vatnbytte igjen, for vatnet var så skittent at det minna om kloakkvatn.
Som sagt så gjort, når vatnskiftet var unnagjort så starta eg fyrst den nye pumpa og så den gamle...og fryd og gammen! Splæsj, sa det så kom det brun gugge utav hovedpumpa og så strømma det vatn til den store gullmedalje! No går juwel pumpa stillare og finare enn fluval pumpa, faktisk (berre såvidt, då, er vatnplaskinga til fluvalen som gjer den meir støyete).
Ikkje så rart eg syns det har vore håplaust å få vatnet klart...kanskje eg lykkast no med 2stk velfungerande pumper i akvariet!
Men den nye skal flyttast utav når akvariet har komme seg til hektene igjen. Då skal den over i 63 literen. Tar forøvrig vare på filtergugga frå juwelfilteret, kan kanskje komme greit med til oppstartinga av 63literen.
Oh, no er eg temmeleg happy her!
Tilfeldig bekjentskap
© Tone Andreassen
Reklame for plussmedlemskap