Var ny pumpe med i akvariepakken eg kjøpte, så det skal nok få stå å godgjere seg lenge før eg putter fisken oppi Har flytta over skipsvraket frå det andre akvariet, får sjå om det har noko å seie.
Har kjøpt strips til å teste vatnet, men har etter ein liten rundtur på forumet skjønt at dette ikkje var spesiellt lurt Skal investere i skikkelige testar så snart som råd, men intil då får stripsa holde.
Stripsa gir fire forskjellige tal på for GH, korleis rekner eg ut kva som er "rett" verdi? (mattematikk har aldri vore mi sterke side Dei andre kategoriane har eg stort sett forstått meg på ... trur eg