Vi har hatt akvarium på 115 liter sidan februar. Trass at vi ikkje har mykje akvarie erfaring før, har det gått rimeleg greitt inntil no. Dei siste to vekene har vi fått uklart, grønt og grumsete vatn, vi har rensa eksternt filter, men trur vel no det må vere ein algeinvasjon vi har fått. Vi har redusert lystid frå 14 til 12 timar, skrudd ned foringa til eit minimum og har skifta 30% vatn annakvar dag. Dette ser ikkje ut til å hjelpe, vatnet er like grumsete og grønt. Fisken ser ut til å ha det greitt, dei oppfører seg normalt og det er ingen dødelegheit, men akvariet ser utriveleg ut!!! Er det nokon erfarne og kompetente akvariastar som har gode råd til kva vi skal gjere?