Mystisk fiskedød?

Dei to siste vekene har 3 fiskar døydd (kardinaltetra, molly og sverddragar). Har ikkje sett noko teikn til sjukdom og dråpetestane viser at det ikkje er noko gale med vatnet. For nokre vekar sidan var det nitritt i vatnet, pga ny pumpe. Den nye pumpa stod i akvariet saman med den gamle pumpa i litt over tre veker, før eg tok den gamle pumpa ut. Når eg fann ut at det var nitritt i vatnet bytte eg 50% vatn dagleg. Fiskedøden byrja ei stund etter dette.

Har eit 100l, med 5 kardinaltetra, 10 raudmunnstetra, 4 ancistrus, 2 otoar, 5 sverddragarar, 3 platy og scalare.
Veit det er dårleg samansetning og for mange, men grunna lite kunnskap vart det dessverre slik.

Har grov sand frå biltema, som vart bytt ca samstundes som eg sette i den nye pumpa. Har kokosnøtter, nokre skjell og eit tomatpurre glas som eg har laga til hole. Silikonen som vart brukt for å feste sanden er blant anna til akvariebruk. Det er ikkje gjort nokre endringar i akvariet i tida rett før fiskane døydde.

Bruker aquasafe under vassbyte.
Pumpa er eheim 200(? er ikkje heime no, så kan sjekke dette seinare i dag om det er relevant)
25 grader i vatnet.
Byter ca 50% vatn ein gong i veka, og bruker springvatn.
Matar 2 gonger dagleg med enten flakfôr frå tetra, nokre små "kuler" frå eit anna merke, av og til mygglarvar og to typar malletablettar frå tetra tredje kvar dag(kan sjekke namn når eg kjem heim).

Kva er vegen vidare for å finne ut kvifor fiskane døydde?
Du har nok for mange fisk i akvariet ditt i tillegg til litt lite filtrering som øker faren for nitritt økning.
Du kan godt la begge filtrene gå samtidig, bare skyll det andre veldig godt før du putter det inn igjen..
Overforing er den vanligste synden som øker nitritt, så mat 3 ganger i uken og skift vann 2 ganger i uken så hjelper det seg nok
Bare hyggelig
Du burde sette pumpene ved siden av hverandre slik at det ikke blir for mye turbulens i karet ditt.. Scalarer f.eks sliter veldig ved mye sirkulasjon.
Tilfeldig bekjentskap
© Marius Solberg
Reklame for plussmedlemskap