Hei
Eg har veldig lyst til å skaffe meg akvarium for å halde triopsar, men er litt ute på djupt vatn når det kjem til utstyr som eg treng. Eg veit at triopsane er ikkje kravstore, men eg vil gjerne ha tips til kva type mat dei skal ha og kva eg kan gjere med dei for å få store triopsar som ikkje døyr for tidleg. Dersom det finst folk her som har erfaring med triopsar set eg pris på litt tips
Eg vurderer å skaffe eit 40-60 liters akvarium, og lurer særskildt på dette:
1) Kva filter bør eg bruke og kva bør eg bruke som substrat i akvariet? Eg har lest at triopsar liker sand, og at eit botn-filter er bra nok for å halde akvariet reint. Og så har eg høyrt at botn-filter ikkje kjem til å fungere saman med sand. Kven bør eg høyre på her? Triopsar liker heller ikkje sterk straum i akvariet, så er det nokon som har erfaring med dette set eg stor pris på tips.
2) Det hadde vore stas å finne eit filter som også tilfører luft til vatnet det filtrerer, men eg vil gjerne også ha eit stillegåande system med enkelt vedlikehald. Nokon som har noko å anbefale meg av luftpumpar og/eller filter?
3) Tripsar er veldig følsomme ovanfor klor og ammoniakk og kloraminer samt litt andre ting. Eg har lest om eit stoff som heiter AmQuel som skal "rense" vanleg kran-vatn slik at skadelege stoffar forsvinn. Finst det ein norsk ekvivalent for rensing av vatn? Eg synes det vert litt overdreve å kjøpe osmose-anlegg berre for dette.
4) Kva type mat (fiskefor eller pellets) vil passe for små og store triopsar? Eg veit dei et alt, frå kokte grønsaker til akvarie-plantar) men eg er veldig i tvil om kva type mat eg skal kjøpe til dei.
5) Eg har lest at dersom eg skaffar meg nokre plantar vil dei bidra til å rense vatnet og gjere akvariet meir interessant. Kan eg risikere at triopsane et opp heile planten, eller vil planten vekse raskare enn triopsane greier å ete slik at eg slipp å kjøpe nye planter heile tida?
På førehand takk for hjelpa. Eg set pris på alle innspill eg kan få