Ingen nitritt

Vi har sett opp akvariet vårt etter råda her. Det har stått i over 30 dagar med plantar og litt fiskemat. Det er ein Biorb 60 liter. Problemet er at vi ikkje finn spor av nitritt sjølv om vi har målt fleire gonger undervegs. Betyr det at det ikkje er nok bakteriar til å ta seg av avfallet, sidan dei ikkje har fått "mat"? No har vi sett inn to platy-fiskar. Kjem det til å sprette i vêret no snart? Det kan vere dette heng saman med at vi bytte litt vatn undervegs i innkøyringa, ein par-tre gonger, det skjønar vi no vi ikkje skulle gjort. Problemet var at det kom litt brune algar, og dei blei vi kvitt ved å byte litt av vatnet.
Hva målte dere vannet med?

Dråpetester (fra JBL)
eller
Sticks 6 in 1 (fra tetra)?


Et fint sett å ha
Antagelig er det lite filterbakterier der, med så lite mat for bakteriene å vokse på. En god test kan være å måle nitrat...er den på bortimot null er det nok ikke særlig mye nitrifikasjonsbakterier.
Ok, då får vi kjøpe test for måling av nitrat.
Dette er det viktig og følge med på:

Ammoniakk NH3/NH4 (Kommer før Nitritt NO2) og er giftig for fisk akkurat som Nitritt.
Nitritt NO2
Nitrat NO3
PH
GH
KH
Vi har ein dråpetest frå Tetra, ein for No2 og ein for pH.
Då får vi kjøpe inn litt fleire test-sett.
Vil råde deg til og IKKE kjøpe Tetra sine tester, men JBL sine.

Har hatt Tetra sine tester selv frem til jeg fant ut dette:

JBL sin No2-test(Nitritt) er svært nøyaktig.
Måler følgende nivåer i mg\L:
0, 0.025, 0.05, 0.1, 0.2, 0.4, 0.6, 0.8 og 1. Man kan selvsagt se nyanseforskjeller mellom de ulike verdiene.

Om en sammenligner med Tetra sin No2-test har nederste verdi på skalaen på hele 0,3mg\L
Det er meget innlysende at JBL sin er bedre.
Dette var eg ikkje klar over! Der kan ein sjå. Eg må nok investere i JBL sine testar. Eg vil så gjerne at platy-fiskane skal få symje rundt i friskt og fint vatn. Eg trur vi ventar ei stund med å introdusere nye fiskar til vi er sikre på at vi har nok filterbakteriar.
Rasmus
Der kan ein sjå. Eg må nok investere i JBL sine testar.

Kan anbefale at du kjøper dråpetester på nett. F.eks. her hos Aquamanias. Det er mye billigere (ofte halv pris) av å kjøpe i vanlig zoobutikk.
Nå får jeg vel legge til at det lønner seg som regel ikke å kjøpe bare en eller to små billige ting pga frakten, men hvis man samler opp litt ting man trenger til akvariet og legger inn bestilling, så lønner det seg pga den lave prisen til tross for fraktkostnad.

Har akkurat vore innpå Aquamanias og bestilt ein sånn koffert med dråpetestar. Du har heilt rett, det er billegare enn i butikk. Betalte ca 160 pr test frå Tetra i dyrebutikken, og no får eg 6 testar frå JBL til under 600.
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap