Overvintring av gullfisk inne

Eg har prøvt i fleire år å overvintre gullfisk både ute og inne. Ute har eg gitt opp fordi dammen er for grunn og sjølv med isolasjon og element klarer eg sjeldent å overvintre dei der.
No har eg eit kar på ca 1000 liter som eg bruker, men har vore uheldig eit par år. Problemet eg hadde var at stoff frå malinga i karet vart utskilt og drap fiskane det eine året, andre året meiner eg det vart for kaldt der ein periode.
Uansett, no prøver eg igjen med 8 fisker. Eg har eit renseanlegg, varmeelement og termostat.
Eg vil gjerne høyre korleis andre gjere dette. Eg forstår at mange bytter ut fks 10% av vatnet av og til, at det skal vere lite eller inga foring osv.
Men har nokon ei "oppskrift" som er prøvt fleire år med hell?
Eg kunne tenke meg å prøve med 5-6 grader som minimum, utskifting av litt vatn og svært lite for. Men meir konkret: Kva bør eg gjere ?
Tilfeldig bekjentskap
© Jeff Rapps
Reklame for plussmedlemskap