Hei!
Ikkje noko problem med Biltema-sand. Det er tried-and-tested i mange år, og eg har brukt det i mange kar, også i mitt noverande. Det er ikkje noko større nitritt-problem med sand enn med grus. Det går også fint med tanke på planterøtter.
Eg vil imidlertid tilrå at dere skaffer
sandsnegler som lever i sanden og gjer miljøet betre.
Næringstablettar funkar fint, men det finst også flytande næring til plantane.
Ang sand/grus-"soner" så er det ikkje så lett å få til i praksis. Det kan vera fint i starten, men over tid vil subtstrara blandast, og den tyngre grusen vil leggja seg på botn, under sanda. Ikkje noko problem i seg sjølv, men det du ynskjer å oppnå vil du neppe kunne få til utan fysisk adskilte soner, og sjølv med fysisk adskilte soner må du nok regne med blanding over tid.
Lukke til! ( Husk å støtte Akvaforum med
plussmedlemskap eller gave 😊)