No har eg fått identifisert dei fleste innbyggarane i mitt nye akvarium.
Eg har:
1stk dverggurami
1stk perlegurami
2stk blå gurami
1stk kuhliål
2stk amanoreker
1stk uidentifisert fisk, liknar veldig på gurami, men gul og mellomstørrelse av blå og perlegurami, legger ved bilete av den.
3 eller 4 eplesneglar
1 snegle med avlangt hus, ikkje funne namnet på den enda
2gule "algestøvsugar" (par)
1 mørk "algestøvsugar" (er det Ancistrus alle desse "algestøvsugarane" heiter, eller er det ulikt namn på dei gule og den mørke?)
Har også muligens ein liten yngel etter dei to gule "støvsugarane" ein stad, om den har overlevd.
Eg kunne godt tenke meg litt meir "småfisk" og reker/kuhliål. Trivast ikkje ålen best fleire sammen? Men kva typar og kor mange kan eg sette inn i dette akvariet før det er nok? Innbyggarane eg har no fulgte med karet, har ikkje kjøpt inn nokon av dei sjølv (brukt kar som stod og gjekk når eg kjøpte det). Burde dei blå guramiene hatt større kar? Er ikkje dei egentleg ganske kravstore på plassen? Er veldig nybegynnar, så blandar sammen mykje av det eg har lest enda.
Og kva innredning passar best til desse fiskane? Dei har grus og litt sand i bunnen, nokre røtter, ein kalkstein og nokre nyinnkjøpte plantar som eg ikkje aner namnet på. Veldig enkelt utforma førebels, tenkte å få tak i nokre mose/algekuler til rekene (og fordi eg syns dei er vakre) og muligens nokre flyteplanter då guramiene liker slikt (etter det eg har lest). Spora gjerne litt av no, men er fiskesamansetninga som er viktigast i denne tråden. Plantar og urforming var eit bispørsmål som dere ikkje trenger å svare på, eg kan lage ny tråd om det seinare.