Har du ei hole til dei, og lite anna fisk i akvariet, skal det gå fort
Sjølv har eg eit par (var så heldig å få hannen som elfenbein!) som akkurat har etablert seg i 60 literen min, der dei delar heimen sin med eit perleguramipar og to sverddragarar. Ein pitteliten ancistrus og ei reke er der også, men dei held til rundt ei rot, så dette går fint. No har hoa begynt å symje inn og ut or hola, og hannen held vakt heile tida, so eg er spent om det snart kjem noko!
Kan hende dei ikkje har etablert seg heilt enno, men dette ordnar seg snart, det skal du sjå