Egg frå ancistrus oppdrettsvariant (eller l59)???

Forrige gongen eg skulle flytta fisken til større akvarium hadde scalaren lagt egg på pumpa. Da eg no satte i gang og skulle flytta fiskane fann eg ein klase egg under ein stein. Eg reknar med det er ancistrusen som har lagt dei for ingen av dei andre fiskane har holdt til i steinrøysa i hjørnet. No er problemet det at eg ikkje såg egga før eg hadde teke ut steinane, og dei fleste fiskane var fanga (oppdaga egga da eg skulle legga steinane i det nye akvariet). La med ein gong steinen med egg tilbake i akvarier det kom frå, men no er jo alt "feil" der/ganske tomt. Lot ancistrusane og 2 reker med egg vera att. Kjem ancistrusen som er far til egga til å fortsetta å passa på dei no som eg har stressa dei og ommøblert? Har lagt nedi ei stor rot og ei hóle for å laga nye gøymeplassar til dei andre. Kunne jo ikkje ta ut alle ancistrusane sia eg ikkje veit kven egga høyrer til. Eller kanskje eg berre skulle ha flytta alle fiskane og latt egga vera att?
Ville berre sei det at det gjekk fint å legga steinen tilbake; far har passa på og i dag heng det 16 små ancistrusar i taket (måtte nett løfta på steinen da eg såg dei var klekt). Det "rare" er at denne hannen er ein av dei yngste, og minste i størrelse eg har- max 1 år og ca 5cm. Hadde ikkje trudd den skulle vera kjønnsmoden enno, men der tok eg altså feil
Tilfeldig bekjentskap
© Holger Lockertsen
Reklame for plussmedlemskap