- Hjem
- Forum
- Off topic - diverse
- Litersjuken frå eit ana perspektiv... Kald september historie.
Litersjuken frå eit ana perspektiv... Kald september historie.
Filterpumpa eg bestilte for fire veker sidan har endå ikkje kome og eg (som endå ikkje kan kalle meg akvarist...) fordriver dagane med alt som har med akvaristikk å gjera, bortsett frå akvarier...
I dag drog eg han kanskje litt langt.
I sommar då eg var i Danmark investerte eg endeleg i litt skikkelig snorkleutstyr, eg hadde alt utanom svømmeføtene som eg fekk nå i helga. (Min størrelse mangla)
Ivrig etter å prøve utstyret og på grunn av min nå ganske store innteresse for alt som gror og rører seg under vassoverflata bar det ut i haustkulda til Ormetjønn! Detta var heldigvis ein fin dag, der kvikksølvet hadde snirkla seg heilt opp på 15+ merket. Eg var godt rusta med snorkleutstyr, våtdrakt og ein heimelaga flaskeruse med godbitar til ørekytene.
I rusa (viss det kan kallast dette?) hadde eg putta ein liten bit sommarkotelett, ei agurkskive, ein gummimakk med "superfristande" lukt for fisk fra sporten og litt Kvik flakfor frå Spar. Full av forventningar la eg flaska ca tre meter utfrå stranda på omtrent 30-40cm djubde mens eg sjølv svømte ut for å finne ut kva som faktisk rører seg i denne velse tjønna som eg har så mange gode minne frå. Etter det første kuldesjokket greide eg å få augene i fokus.
Mudder, mudder, stor stein, litt mudder og ein del forskjellige planter. Og ørekyter!
Etter å ha plaska rundt ei lita stund såg eg ei hole, omtrent akkurat stor nok til at ein person kunne ha liggi inni der. "Hola" var vel strengt tatt bare ein stein med hulrom under, men til tross så låg eg i overflata ei lita stund og bare studerte han. Med eit så oppdagar eg eit eit lite fiskehovud som kikkar forsiktig opp på meg i fra hola. Slik låg me ei lita stund og bare studerte kvarandre før fisken svømte forsiiikteg ut ifra gjøymeplassen sin. Dette var forøvreg eit ganske forvokst øyrekyte som var va 15 centimeter lang og hola låg på ca 2 meters djubde. Pluttseleg ser eg ein til som kikkar ut ifra gjøymeplassen sin under ein stein. omtrent like stor som den forrige. Og ein til. Og før eg veit ordet av det så hadde eg ein stor stim med "store" øyrekyter nesten rett framfor meg!
Tilbake på den vesle stranda etter ca 20 min ser eg i flaskerusa og ser ca 8 forskrekka øyrekyter. Eg putta dei i ein liten plasboks som var med. Til tross for stresset og forvirringa var apetitten nesten urovekkande stor ovanfor flakforet. "pesepesepese, moms moms, pesepesepese..."
Eg er klar over den politiske ukorekteheita i dette, men eg syns faktisk at øyrekyter er ein kul og innteresang fisk! (Misforstå meg rett, eg skulle helst sett at me ikkje hadde denne fisken overalt.) Fiskane vart slept ut igjen etterpå.
Det er aure også i denne kjønna, men desse fekk eg ikkje gleden av å sjå i dag. :/
Før eg vart kald heilt inn til beinet fekk eg raska med meg ei lita plante som eg tenkte å ha i ein vase for å sjå om eg kunne halde liv i han.
Er det nokon som veit kva slag plante dette er?
Endeleg heime at bar det rett i dusjen. Fingrane mine vart stivfrossne og då dei endeleg fekk varmt vatn på seg kjende eg ein merkeleg prikking i hendene!
Ja, slik kan det altså gå når ein ikkje har tilgang på akvarie...
Eg trur derimot at det er håp denne veka, så får me sjå...
Ein dag må eg få meg eit stort akvarie med Ormetjønnbiotop! Dægern, det hadde vore stileg...

Postet 09.09.07 kl 19:11
Ble neste frossen av å lese dette Kjempeflott skrevet. Håper likevel du får deg akvarium før du får lungebetennelse
Planten kan muligens være en elvesnelle uten at jeg kan si det sikkert ut fra bildene. Fant dessverre ingen skikkelig nettside å linke til, men har du tilgang til et gammeldags bibliotek finnes den sikkert i en flora der

Postet 11.09.07 kl 20:46
Postet 11.09.07 kl 20:48
Jaudå, eg har akvariet, men eg manglar pumpa. Det vart noko feil som hadde skjedd med bestillinga, men no er det ordna opp i og eg trur kanskje eg får han i dag eller i morgo!
Eg får ta å sjå om eg finn noko om planta på biblioteket.
Eg fekk han ned i vasen ved å forsikteg bruke ein spisepinne til å trykke han ned.

Postet 12.09.07 kl 09:05
Postet 14.09.07 kl 12:48