Restaurering av gammal dam.

Hallo,
For ei stund sidan i "Hvem er du?" Tråden skreiv eg litt om ein dam min bestefar, ha satt opp på Setra for godt over 50 år sidan, og at den har begynt å forfalle. Oldefar skreiv eg i den tråden, men det var bestefar min.
I ferien no har eg vore der og tatt litt bilder og arbeitt litt.

Demninga har vore nede veldig lenge og vatnet går sakte men sikkert over i blautmyr. Fisk blei sett ut i 50åra og stammen held seg endå, men dei er små. Mat og vekstforholda er nok litt knappe. Derfor har eg i lengre tid samla mot til å begynne.
Klarte å løfte vasstanden ein knapp halvmeter. Trur og håpar det vil bremse attgroinga.

Fekk tatt nokre bilder av området før arbeidet tok til. Desverre gjekk eg tom for straum tidlig i prosjektet. Så i denne runden blir det kun "før" bilder.

Startar med eit par bilder frå garden som ein forsmak:
Bilde 1: Huset. Blir desverre ikkje brukt så ofte lengre.
Bilde 2: Utsikt frå huset.
Setra:
Bilde 1: Støen med eit par av sela.
Bilde 2: Utsikt mot Nord.
Bilde 3: Utsikt mot Aust.
Så var det Vatnet.
Som ein ser bør noko gjerast før alt gror heilt att.
Sjølve demninga:
Det er lenge sidan denne var tett. he-he

Eg, bror min og far min brukte 3 dagar på å legge til sein og torv lagvis mellom restane av den gamle demninga og over i land.
I framkant av den gamle delen og under furestokken.
Til slutt eit lag flate steinheller på topp og i framkant så byggverket skal stå imot vårflaum og is.

Eg skal snart prøve å få ta bilder som viser det ferdig.
Oi, det var ett utrolig flott område med enorm utsikt
Spennende, Sindre!! Du burde bruke huset oftere, ser jo kjempekoselig ut! *himler med øya* kurs/konferansesenter for Akvaforums medlemmer.......
tenke å eie noe slikt da! *drømme*
En utrolig flott plass ja
venter i spenning på fortsettelsen
Tilfeldig bekjentskap
© Yu-Chia Chang
Reklame for plussmedlemskap