Hei hei
Mine glødebåndstetra er melkekvite på tuppen av finnene. Når eg fekk dei nappa dei veldi på finnene, dei har slutta med det, og når finnene vaks ut igjen var dei kvite på tuppane. Ryggfinnene er kvite langs den fremste finne strålen.
Er dette vanleg på glødebåndstetra, eller er det ein sjukdom?
Det bør kanskje nevnast at dei ikkje verkar sjuke på noko anna måte og at det ser ikkje ut som eit lag utanpå finnene. Dei går ilag med to sommerfuglciklider, som ikkje har noko kvitt på seg, og verkar heilt friske.
Dersom nokon veit, hadde eg satt stor pris på svar!