Guppyhoa mi er rett og slett rar - ho ser ut som om ho er høgdrektig, men skjella står ut. Driten er lang og tynn, litt gråleg på farge. Ho et som ein hest, og står foran ruta og tigger mat heile tida. Kva kan dette vere? Høyrest ikkje heilt ut som buksott heller. Og ellers er ho frisk og rask, sym som ho brukar å gjere, fin i fargane og i finnane, og er bestevenn med kampfiskhoene mine (som forøvrig angrip sjuke fiskar). Rett og slett rart. Vil jo helst sleppe å avlive fisken, likar den so godt! Men må eg, so må eg...
Takkar for alle svar!