Eg trudde den berre var matt i fargen. Men so vart den nesten meir grå... Og so byrja han å symje rart - som om han vrikka med heile kroppen, og av og til ristar han på hovudet. Omtrent som ein hest som er plaga med fluger (beste beskrivinga eg kom på!). Men han er verken slapp eller stressa, men når han er saman med resten av fiskane, held han seg litt utanfor. No har eg isolert han i 3 dagar, men han er fortsatt det same - verken betre eller verre. Eg ville no tru at om det hadde vore sjukdom hadde det gått i rask nedoverbakke, men han er fortsatt det same.
KVA kan det vere?!
- Hvordan fisk er det?
Kileflekkrasbora
- Hvor lenge har du hatt fisken og hvor stor/gammel er den?
Eg har hatt stimen med kileflekkrasbora i eitt år no, 9 stk. So reknar med at desse då er ca som fullvaksne å rekne. Dei andre i stimen har elles vore friske
- Hvilke andre fisker går den sammen med? (antall og type)
Akvariet er på ca 130 liter, mykje røter og javamose
6 sverddragerar
1 L144
1 viftereke
3 kampfisk (1 hann 2 ho)
3 flekkede pansermaller
5 metallpansermaller
2 sajica-ciklider (2 hannar)
- Har det kommet noen nye fisk i karet de siste par mnd.?
2 sajica-ciklider, hannar. Desse har leik medkvarandre, men sidan det er hannar, vert det heldigvis aldri noko. Dei jagar heller ikkje på dei andre fiskane.
- Akvarium/filterløsning? (+ rutiner for rensing av filter)
1 stk Aquaball for opptil 150 liter.
Byttar nokre bøtter vatn i veka etter behov, pluss "skikkeleg vask" 1-2 gongar i månaden, gjerne i forbindelse med yngling av sverddragerane so eg har eit håp om å finne yngel...
- Vannverdier? (+ rutiner for vannbytte)
8 dh, og Ph'en hugsar eg ikkje heilt i farta. Har ikkje meir å måle med, so må nok kjøpe det ved neste lønning (om 3 dagar! )
- Atferd? Også de andre fiskene i karet.
Den sjuke fisken: han er grå over kroppen, som om den har vorte matta ned. Han er ikkje stessa eller slapp, men held seg gjerne litt utanfor. Sym ganske rykkete, "viglar" med heile kroppen, og ristar mykje påhovudet. Mistenkjer at han er delvis lamma i bakkroppen e.l. Dei andre fiskane er stort sett rolige, er lite problem i akvariet mitt. Dei fleste fiskane har etablert ein rang, og dei to sajica-ciklidene let dei andre fiskane vere i fred. Kampfiskane mine "eig" ei rot med javamose, og er fornøgde med det, og held seg der. Elles svinsar resten fornøgde rundt omkring.
- Last gjerne opp et godt bilde. Skarpt.
Skal sjå på saka, kanskje eg kan få med eit videoklipp også.