Eg har ein gibbi på ca 20cm som plutseleg har begynt å legge seg på sida. Den ligger som om den er død, men når eg er borti den så reagerar den på det. Ikkje med mykje bevegelse, men den svømmer gjerne opp i handa mi.
Den har gått i eit akvarie på 540L sammen med regnbuefisk, pansermaller, ancitrus og væråler. Når den endra adferd flytta eg den over til eit mindre akvarie slik at eg kan sjå litt på om det kunne vera akvarie som har dårlege verdiar.
Sjekka No2- mindre enn 0,3mg/l dette gjeld begge akvarier.
skifte vatn ein gong i veka eller ein gong annakvar veke alt etter kva som passar best. Då skiftar eg halvparten av vatnet.
Det er ingen endring i utsjånad på gibbien, så derfor har eg ikkje tatt med bilde, det er
ein av grunnane eg syns adferden er rar. For den er ikkje bleik i det heile, og den blir alltid bleik når den er redd. Dei siste dagane så har han og vore lite interresert i mat, den tigga gjerne, men når den fikk mat så tok den nesten ingenting.
Eg veit at dette er lite informasjon, men det er slik ståa er. Håpar nokon kan hjelpe meg, for eg skal reise vekk i morgo og vera vekke i nokon dagar. Og sidan dette er min favoritt er eg livredd for at den skal vera død når eg kjem tilbake.