hei og gratulere med nytt akvarium!
Eg trur ikkje ei veke er lenge nok til at filteret har fått kjørt seg skikkelig inn. Anbefaler deg å lese denne sida om oppstart av akvarium:
http://www.kampfisk.info/vannet-oppstart.htmlMange dyrebutikker er diverre litt for ivrige på å selge. Litt synd sidan det da er mange nye som får ein trist start på ein ellers veldig kjekk hobby! Mitt råd er difor Les deg opp sjølv og ikkje ta alt dei seier på dyrebutikken for "god fisk".
Det kvite i akvariumet mistenkjer eg kan vere mugg. Kjem gjerne av for mykje for-for-rester som blir liggande på botnen og mygle, men eg er sjølv ganske fersk så eg er ikkje sikker.
Bytt litt vatn kvar dag (ca 15-20 %) i ei tid framover, og slamsug opp det kvite om det er mogleg, så håpar eg det går bra med fiskane dine. Gå gjerne til innkjøp av JBL dråpetester seinare, da strips ikkje alltid er pålitelige. (Har sjølv brent meg på det). Lykke til med fiskane og akvariumshobbien vidare.