Hei. Eg leitar etter nokon som kanskje veit kva det er med BGen min, og om eg må behandle eller avlive den. Den er ca 40 cm lang og er omplasserings fisk så ukjent alder. Kanskje inne på tredje året nå i følgje gamle eigaren (eg tvilar).. Eg er desverre ikkje kunnskaps rik nok til og kjenne til dette med sjukdommar osv da eg er nokså nybegynner, så håper dykk kan hjelpe meg med og hjelpe ein av mine favoritt fiskar. Det har vore nye fiskar med den, men dei andre ser friske ut. Kjøpte denne, L236 (trur eg den heitar) samt 10 kardinal tetra den 31. Januar 2022. Denne og L fisken sto saman før eg flytta dei saman med tetraene som kom saman med gibbicepsen og kuhlii ålane. Ynskjar ikkje spørsmål eller såkalla hjelp om anna enn helsa til denne fisken, slik att eg kan hjelpe den vidare.